Badande gutar - Foto: Montasje. Foto: Dag Thrane og NRK /
Foto: Montasje. Dag Thrane og NRK

Krev måleri fjerna frå utstilling

Hobbyfotograf Dag Thrane frå Oslo vurderer no om han skal gå til søksmål mot ein kunstnar frå Flora.

Det var i førre veke Thrane fekk seg ei solid overrasking. Då såg han i eit tv-innslag eit bilete han hadde tatt av ungane sine.

Det viste seg nemleg at kunstnaren hadde funne fotografiet på internett, og brukt motivet til eit måleri som no heng på på utstilling på Nordfjordeid med ein prislapp på 11.000 kroner.

Såg biletet på TV

For to år sidan tok hobbyfotograf Dag Thrane frå Oslo eit bilete av ungane hans medan dei bada. Førre veke hoppa han i stolen då han la merke til eit noko kjent bilete i ei sak på Dagsrevyen. Det viser seg at biletet av ungane, som han la ut på Internett, var blitt måla av kunstnar Ole Johan Eilertsen.

- Skal ikkje selje

Eilertsen hadde kopiert biletet utan å spørje om lov. Likevel seier Eilertsen til NRK at han ikkje har umiddelbare planar om å fjerne måleriet, men han seier no at han ikkje skal selje det.

- Kunstnaren bestemmer

Arve Espe, styreleiar i Kulturhuset Gamlebanken, på Nordfjordeid, der måleriet heng, ønskjer heller ikkje å fjerne biletet.

- Det er kunstnaren som har det i utstillinga og som må bestemme om biletet skal takast ned, seier han.

No ønskjer fotografen å gå rettens veg.

- Det kan hende at eg tek kontakt med advokat, for dette biletet skal stoppast, seier han.

- Biletet er eit plagiat

Professor i juss, ved universitetet i Oslo, Olav Torvund, meiner måleriet er eit plagiat.

- Dette kan ikkje denne målaren gjere utan samtykke frå fotografen, seier han. 

- Kva slags rettslige grep kan fotografen gjere?

- Han kan krevje erstatning viss det er aktuelt, eller han kan krevje måleriet øydelagt, seier jussprofessoren.

At måleriet er eit plagiat er fotograf Thrane ikkje i tvil om.

- Han har måla det ganske direkte av. Og ein ting er det opphavsretten oppi dette, men det er også direkte uhøfleg å kopiere eit bilete utan å spørje først, seier han. 

Preben Moen (22) hadde allereie sagt ja til å overta Gloppen hotell etter faren, Dag Moen. Men det skjedde litt meir brått enn venta, då Dag døydde i påska.
Ørna var nære på å ende sine dagar i ei revesaks sett ut ved Førdefjorden, men den blei funnen og tatt hand om.
På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.