Hopp til innhold

Krev handling frå fylkespolitikarane

Vegforkjempar etterlyser fylkespolitikarane og meiner dei må ta ansvar for å få rusta opp siste del av Olden-Innvik.

Fylkespolitikarane må ta ansvar for å ruste opp fylkesvegar, understrekar hotelleigar Richard Grov.
Foto: Vegar Erstad/Montasje NRK

– Fylkesveg er og blir fylkesveg. I ordet ligg det at det er fylket sitt ansvar. At staten ikkje vil betale for ein fylkesveg er ikkje oppsiktsvekkande, seier hotelldirektøren og vegforkjemparen Richard Grov.

Fredag vart det klart at staten ikkje vil kome med pengar for å få sikra siste del av vegen mellom Olden og Innvik, på fylkesveg 60. Parsellen Ugla – Skarstein står framleis att på det som er kalla Noreg sin verste veg.

Ikkje skuffa over staten, men fylket

Hotelleigaren i Loen hadde heller ikkje forventa at statlege styresmakter ville drysse pengar over ein veg som fylket har ansvar for.

– Eg er meir skuffa over fylket, som ikkje klarer å bestemme seg for å prioritere vegen som har stått på førsteplass i alle år. Vi har stått fint i kø, og venta på at dei to andre store prosjekta skulle gjerast ferdige, no er dei det, og det er vår tur, understrekar vegforkjemparen.

Fylkespolitikarane går ei tøff tid i møte, der ein må prioritere hardt mellom sektorar og prosjekt for å få økonomien til å gå i balanse. Mange millionar skal kuttast dei komande åra.

– Det er klart at det er ei kjempeutfordring for fylkeskommunen, for fylkeskommunen er ikkje i ein posisjon der vi har økonomi til å starte opp store prosjekt, sa fylkesordførar Åshild Kjelsnes, etter at departementet hadde gjort det klart at dei ikkje ville kome med pengar.

I Styn syng tolmodet med fylkespolitikarane på siste verset. Grov vil ha opprustinga på plass, og det raskt.

– Det er ei klar forventing ar fylket prioriterer opp og får på plass dei midlane som skal til for å få ferdig siste parsellen på fylkesveg 60.