Hopp til innhold

Krev at desse sauene må få gå i fred for jerven i høgfjellet

Med utsikt mot Årdalsfjorden har sauene dei perfekte beiteforholda i høgfjellet. No får saueeigarane støtte for kravet om større jervefrie område.

Sauer på veg heim til Naddvik

DEI OVERLEVANDE PÅ VEG HEIM: Frå sauesankinga i Naddvik i haust. Sauene er komne til Kamben (ca. 1100 m.o.h) og ser ned i bygda.

Foto: Hovland gard

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) møtte torsdag saueeigarane i Naddvik som har lide store tap etter at jerven har herja på fjellbeitet.

Lødemel seier til NRK etter møtet at noko må gjerast med ynglingsområdet i Oppland som er lagt tett opp mot grensa til Sogn og Fjordane. Han har medkjensle med saueeigarane som enno ikkje har fullt oversyn over kor mange dyr som har gått tapt.

– Det er veldig trist å høyre om dei store tapa. Dei fryktar at dei kan ha mista så mykje som halvparten av lamma og ein del vaksne dyr. Det er dramatisk for dei og for beitenæringa i denne delen av fylket.

– Heilt uhaldbar situasjon

Det skal ikkje vere ynglande jerv i Sogn og Fjordane. Lødemel seier dette vart teke opp i fjor etter store tap i Fjærland.

– Når ikkje lisenskvotane blir tekne ut om vinteren så får vi problem om sommaren. Vi hadde eit møte med departementet og direktoratet og sentrale folk i regjeringspartia der vi åtvara mot at dette kunne skje.

– Dessverre ser det ut til at vi får like store tap som i fjor, men i ein annan del av Sogn. Det er ein heilt uhaldbar situasjon.

– Ja, kva skal til for å unngå ein liknande situasjon neste haust?

– Ein av grunnane til det som no skjer er at Region 3, det vil seie Oppland, flytta ynglingsområdet for jerv inn til grensa til Sogn og Fjordane. Det har ført til meir jerv i våre område.

Bjørn Lødemel møter saueeigarar i indre Sogn

MØTTE SAUEEIGARANE: Frå v. stortingsrepresentant Bjørn Lødemel, Lars Nesse i Lærdal beitelag, Siri Benjaminsen og Ole Bjarne Hovland i Naddvik beitelag.

Foto: privat

Jervebåsar og viltkamera

Tysdag var det eit møte på Stortinget. Der bad Lødemel departementet om ein gjennomgang med røynslene med at Oppland flytta ynglingsområdet. I november skal det vere eit møte der statsrådane i Miljø- og Landsbruksdepartementet skal vere med.

– Der bør dette vere eit tema, for Sogn og Fjordane er prioritert beiteområde, og dei tapa vi ser i dag er heilt uhøyrde, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel.

No meiner han det må leggast ein plan for korleis dei skal få has på jerven i området mellom Årdal og Lærdal komande vinter.

– Statens Naturoppsyn - SNO - må raskare inn i biletet med å ta ut dyr i lisensperioden. Vi må m.a. prøve ut jervebåsar, viltkamera og bruke snøskuter for å ha kontroll med båsane. Eg håpar vi kan få ei prøveordning med det komande vinter.

– Mager trøyst

Statssekretær i Miljøverndepartementet; Lars Andreas Lunde

- SVÆRT BEKLAGELEG: Statssekretær Lars Andreas Lunde i Klima- og miljøverndepartementet.

Foto: BJORN H STUEDAL / www.stuedal.no

Statssekretær Lars Andreas Lunde i Klima- og miljødepartementet seier det er svært beklageleg at saueeigarar har så store tap som det ein no ser i Naddvik.

– I landet som heilskap har det vore ein betre sesong, tapa har gått ned med nær ein tredel, men det er ei svært mager trøyst for bøndene i Sogn og Fjordane, som har hatt ein svært tøff sommar.

– Er det aktuelt å endre grensene mellom Region 1 og Region 3?

– Vi er i gang med ei evaluering av heile den regionale forvaltninga. Den skal vere ferdig i 2016. Då er det naturleg å ta opp problemstillinga med jerv som flyttar seg over grensene.

– Kva trøyst trur du bøndene finn i at de skal ha ei evaluering som er ferdig i 2016?

– Det er nok ei mager trøyst. Men eg kan legge til at vi om to veker skal ha eit møte med rovviltnemnda i Region 3 Oppland, og då vil eg særleg ta opp situasjonen i Sogn og Fjordane og høyre om dei kan bidra til å betre situasjonen.