Det meiner stortingspolitikar for Høgre, Bjørn Lødemel.
Regjeringa føreslo i starten av juni å forby marknadsføring av usunn mat retta mot born og unge.
Målet er å førebyggje overvekt og sjukdomar ein kan få av eit usunt kosthald. Forslaget, som no ute på høyring, har skapt reaksjonar.
– Held ikkje mål
Høgre-politikar Bjørn Lødemel meiner intensjonane er gode, men kritiserar regjeringa for å ha kome meir eit upresist forslag.
– Kvar skal grensene gå, spør Lødemel.
AVVISER: Bjørn Lødmel (H)
Foto: Jostein Nyfløtt / NRKStortingsrepresentanten meiner forslaget vil råke produsentar som ikkje nødvendigvis lagar usunn mat og drikke. Han dreg fram saft og sylteprodusenten Lerum i Sogndal.
– Lerum sine produkt innehelder også viktige mineralar, vitaminar og antioksidantar, det vert heilt feil å innføre eit slikt forbod mot marknadsføring, seier politikaren.
Frustrasjon
Sjef i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug sa til avisa Dagens Næringsliv i går at dei både er forvirra og frustrerte over forslaget.
– Eg fryktar det nye regelverket vil stogge all marknadsføring av saft, sa Hjellhaug.
No får ho støtte frå politisk hald.
Uklare grenser
Lødemel meiner forslaget som er sendt ut på høyring må bli trekt tilbake og justerast.
– Både helseministeren og statsministeren har sjølve punktert heile forslaget ved å dementere delar av innhaldet, påpeikar Lødemel.
Han meiner det er andre måtar å motverke overvekt og usunt kosthald hos unge.
– Det handlar om haldningsskapande arbeid og informasjon.