Hopp til innhold

Krev å få på plass ferje etter eksplosjon i tunnel

Bremangerlandet har mista den einaste faste vegforbindelsen med omverda etter brannen i Skatestraumtunnelen.

Svein Inge Fosse

KREV FERJE: Svein Inge Fosse ved Knuteholmen krev at ferja mellom Smørhamn og Kjelkenes kjem i drift, ifølgje Fosse er då innbyggarane hjelpte, samt at ein har sikra beredskap.

Foto: Bjarne Eldevik

Svein Inge Fosse ved Knuteholmen krev å få på plass ferje mellom Kjelkenes og Smørhamn.

– Alle veit at tunnelen vil bli stengt i fleire veker og kanskje månader, det er ikkje noko å greie ut. Det er berre å bestille ferja, seier Fosse.

– Vi er avskorne

I Ytre Bremanger bur det mellom 1 500 og 1 700 personar, i turistsesongen er dette talet tredobla.

Innbyggjarar og turistar må også reise lange omvegar for å kome seg sørover.

– Vi avskorne frå sør, både frå Førde, Florø og Bergen. Vi skal til lege og vi skal på sjukehus, vi har sjukeheim i Kalvåg og på Haugtun. Om dei i samferdsle meiner vi skal ro til Florø så kan vi det, seier Fosse.

Turiststaden tapar store summar på at Skatestraumtunnelen no er stengt, og Fosse meiner det berre er ein måte å løyse utfordring på.

– Ferja ligg klar, dei må få ho i drift. Då er vi hjelpt på alle måtar og beredskapen er i vareteken, seier han.

(Artikkelen held fram under kartet)

Lang omveg

Kan ta tid før sambandet er i drift

Seksjonssjef i Statens vegvesen, Margot Åsebø, fortel at det ser ut som det kan ordne seg med ferje.

– Vi har ei nedlagt ferjestrekning Smørhamn–Kjelkenes, men det er ein feil på ferjelemmen på Kjelkenes, og vi har i dag sendt ut elektroentreprenør som skal sjå på skadane. Dette vil mest sannsynleg bli ordna i føremiddag, seier ho.

Når kaia er oppe og går, har Statens vegvesen fått beskjed frå fylkeskommunen om dei kan setje inn ei ferje, men det kan ta tid.

– Det er ei ferje som er i opplag og den må bemannast. Men det ser ut til å kome på plass, så raskt som mogleg, seier Åsebø.

Føl med på kapasiteten

Det er fylkeskommunen som må ta kostnadane knytt til at ein set inn ei ferje på sambandet. Rådgjevar for kollektivtrafikk i fylkeskommunen, Øystein Hunvik, seier at når dei får klarsignal frå Statens vegvesen vil dei sette inn ei ferje på sambandet.

– Når vi vart klar over situasjonen i går tok vi kontakt med Statens vegvesen og operatørar som kan drifte ferja, seier han.

Hunvik seier det er vanskeleg å seie når ferja vil vere operativ, men i beste fall på ettermiddagen i morgon, men det kan bli søndag før ferja er i drift.

Dersom kaia på Kjelkenes ikkje lar seg bruke har fylkeskommunen sett på fleire alternativ.

– Vi har hatt diskusjonar med Fjord1 om å få ein hurtigbåt mellom Smørhamn og Florø. Det er ikkje ei fullgod løysing, men eit alternativ. I tillegg må ein vurdere kapasiteten på sambandet Stårheim – Isane, og eventuelle tiltak der, seier Hunvik.