Hopp til innhold

Krev 33 millionar i erstatning frå forsikringsselskap

Alexela Sløvåg krev 33 millionar kroner av Protector Forsikring etter eksplosjonen i Gulen for seks år sidan.

Eksplosjon i Sløvåg

GJEKK I LUFTA: To tankar eksploderte 24. mai 2007 i Sløvåg. Seks år etter er saka framleis ikkje avslutta.

Foto: Svein Arild Vatsø

Det skriv Bergens Tidende. Saka skal opp i Nordhordland tingrett i slutten av september.

Det var i mai 2007 at fleire tankar eksploderte ved Alexela. Då hadde selskapet frå 2006–2007 tatt imot bensinavfall dei ikkje visste kva var og plassert på tankar som ikkje var godkjende. Eksplosjonen resulterte i ein svær brann der store mengder røyk og gass vart spreidd i området.

Ga feil opplysningar

Dagen før eksplosjonen kjøpte Alexela selskapet Vest Tank av Trond Emblem.

Protector forsikring meiner det estisk eigde selskapet Alexela ikkje har krav på erstatning fordi den tidlegare eigaren gav feil opplysningar om Sløvåg-anlegget.

Emblem er dømd for dette, men han har anka saka til Høgsterett. Alexela meiner på si side Protector sjølv har slurva, og dei ikkje har undersøkt kva aktivitet bedrifta dreiv med.

– Forsikringsselskapet har etter lova plikt til å undersøkje ein risiko før dei forsikrar den, seier direktør Heiti Hääl i selskapet Alexela Logistics til Bergens Tidende.

– Sluntra ikkje unna

Fredrik Messel i Protector seier dei ikkje har sluntra unna plikta si til å undersøkje.

– Vi fekk beskjed om at anlegget i skulle drive med mottak av bunkersvann som skulle reinast ved anlegget. Dette blir rekna som låg risiko, seier han.

Forsikringsselskapet har gått til motsøksmål og krev tilbake 14,3 millionar kroner som blei utbetalt like etter eksplosjonen og før årsaka var kjent.

– Vi meiner Vest Tank har drive verksemd i strid med norsk og internasjonal lov. Dei har halde tilbake opplysningar om kva dei har halde på med. Då mistar dei retten til erstatning, seier Messel i ei pressemelding.