Volvo-team på Kråkenesfjellet - UTE ETTER LYSET: Volvo-teamet på Kråkenesfjellet. Den 'hemmelege' bilen står gøymd bak lastebilen. Volvoen midt på biletet er ein XC60. - Foto: Bjarne Eldevik /

UTE ETTER LYSET: Volvo-teamet på Kråkenesfjellet. Den 'hemmelege' bilen står gøymd bak lastebilen. Volvoen midt på biletet er ein XC60.

Foto: Bjarne Eldevik

Kråkenes-lys i Volvo-reklame

Volvo tok med seg ein ny bilmodell til Kråkenes i Vågsøy for å få det rette lyset på bileta sine. Naturen var dei ikkje så interesserte i.

I går hadde eit team på 15 personar frå den svenske bilprodusenten okkupert ein rasteplass på vegen over Kråkenesfjellet, på nedkøyringa til Kråkenesbygda. I teamet var det både britar, tyskarar og svenskar.

Bilistar som stansa vart bryskt vinka vidare med beskjed om at det ikkje var lov å fotografere.

Ein av dei som dei prøvde å få unna var Torfinn Kråkenes.

– Dei stod med bilane på ein offentleg rasteplass, men dei driv og trakka på eit område som eg eig. Då eg påpeikte det beklaga dei seg og spurde om dei skulle ha søkt om løyve.

– Berre ute etter lyset

Sindre Kvalheim fekk og ein prat med folk frå Volvo-teamet. Han fekk sjå den "hemmelege" bilen, etter det vi har grunn til å tru er det ein Volvo XC40. Han vart fortalt at det ikkje var naturen ved Kråkenes dei var ute etter, berre lyset.

– Dei ville ha bilen i det lyset vi har her ute. Biletet av bilen skal dei så montere inn i eit bilete av eit bymiljø.

Kvalheim fekk sjå den oransjefarga bilen som det ikkje var lov å ta bilete av, og etter å ha sett eit nettfoto av Volvo XC40 meiner han at det var ein slik bil han såg.

Vi har prøvd å få kommentar frå Volvo i Sverige, førebels utan resultat.

Sjå artikkel om den nye Volvo XC40 i aftenposten.no .

Den nye Volvo XC40 er og fotografert i Arizona av den amerikanske nettstaden autoblog.com .

Volvo V40 - LIKNANDE MODELL: Dette er ein Volvo V40, bilen som var på Kråkenesfjellet er etter det vi kjenner til ein Volvo XC40 og skal lanserast seinare. - Foto: Volvo /

LIKNANDE MODELL: Dette er ein Volvo V40, bilen som var på Kråkenesfjellet er etter det vi kjenner til ein Volvo XC40 og skal lanserast seinare.

Foto: Volvo
NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.
Sjekker norskekysten for ålegras
Det lokale brannvesenet får skarp kritikk etter brannane i Lærdal og Gudvangatunnelen. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap meiner dei ikkje var organisert for leia og handtera det heile. Men konklusjonen til direktoratet møter motstand i Lærdal.
Cruisenæringa har ført til protestar frå lokalbefolkinga i Flåm.