Hopp til innhold

Kraftkommunar fryktar kommunesamanslåing - vil helst halde på pengane sjølve

Luster, Bremanger og Vik har åleine 182 millionar i kraftinntekter, som andre kommunar berre kan gløyme. Men blir det kommunesamanslåing kan pengane bli smurde ut over eit større distrikt.

Kvalen, Halset og Førde

NIKS: Korkje Luster-ordførar Ivar Kvalen, Vik-ordførar Marta Finden Halset eller Bremanger-ordførar Karl Vidar Førde er veldig interesserte i å strø kraftpengar over ein eventuell 'ektefelle' i ei kommunesamanslåing.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide/Vik kommune/Anita M. Ingebrigtsen / NRK/Vik kommune/Firdaposten

Ordførar i Vik Marta Finden Halset meiner det ikkje er rettferdig.

– Nei, eg som ordførar vil ikkje seie at det er naturleg. Vi må jo få bruke kraftpengane her i vår kommune, der pengane er skapte, seier Halset.

Enkelte kommunar er meir attraktive å slå seg saman med enn andre. Steinrike kraftkommunar på Vestlandet kjem inn i den kategorien.

Håvar inn store summar

Regjeringa har varsla at dei vil ha færre og større kommunar. Men beskjeden frå Vik i Sogn er at innbyggarane der vil behalde dei 30 millionar kraftkronene som kjem inn årleg sjølv om dei blir ein del av ei ny storkommune.

– Det er Vik kommune som har betalt med sine naturressursar, og då er det ikkje meir enn rimeleg at vi skal ha att inntektene etter det inngrepet har kosta oss, seier Halset.

Kommunar med store kraftanlegg håvar inn store summar på skattlegging og heimfallsavtaler frå utbyggingane.

Luster kommune til dømes har 5000 innbyggarar, og hentar kvart år inn 100 millionar kroner i nettoinntekter frå vasskrafta.

Fryktar for bukvalitet og tenestetilbod

Dette er pengar som andre kommunar kan sjå langt etter, men ordførar Ivar Kvalen frå Senterpartiet trur at ei kommunesamanslåing vil tvinge innbyggarane til å dele.

– Det vil vere vanskeleg å behalde inntektene i det som var Luster kommune. Det må bli ein del av den nye storkommunen, seier Kvalen.

Han legg til at dersom kraftpengane må inn i ein stor pott for ein eventuell ny storkommune, vil det få konsekvensar.

– Det vil gjere tenestetilbodet og bukvaliteten monaleg dårlegare dersom vi går inn i ein storkommune. Eg vil i det lengste argumentere for at Luster skal vere ein sjølvstendig kommune i framtida, seier Kvalen.

Vil vite at innbyggjarane får det like godt

I Bremanger hentar kommunen årleg inn 52 millionar frå vasskrafta. Senterpartiordførar Karl Vidar Førde meiner det gjer at kommunen greier seg fint åleine.

– Dei som er kraftkommunar i dag, vil nok ikkje sitje att med nokon fordelar i ei større kommunesamanslåing. Det er iallfall ikkje sagt noko om det i debatten til no, seier Førde.

– Gjer det sitt til at du som ordførar blir skeptisk til kommunesamanslåing?

– Ei kommunesamanslåing handlar om kvalitet. Eg meiner at skal ein vere positiv til ei kommunesamanslåing, vil eg vite at innbyggjarane mine har eit like godt, eller betre tilbod enn det ein har i dag, før ein slår seg saman med andre, seier Førde.

Trur det er lettare å rekruttere når ein er større

Men i nabokommunen Vågsøy er ordførar Morten Hagen frå Høgre på friarferd.

Han strevar med ein langt tyngre økonomi, og Bremanger er ein attraktiv partnar å slå seg saman med. Men beilaren seier det ikkje er på grunn av pengane.

– Motiva for kommunesamanslåing må vi vere veldig tydelege på. Kraftpengar eller ikkje, er ikkje hovuddrifkrafta når ein snakkar om kommunesamanslåing. Det er tenestetilbodet til innbyggjarane, seier Hagen.

Men han har forståing for at til dømes ein kommune som Bremanger ser at dei kan sikre godt tenestetilbod til innbyggjarane sine åleine.

– Det kan eg forstå. Samtidig er det slik at kommunane får større og større utfordringar med å rekruttere fagfolk inn i forskjellige stillingar. Eg trur det blir lettare å rekruttere folk til kommunane, dersom vi vert større og meir slagkraftige einingar. Det vil også tene innbyggjarane, seier Hagen.