Hopp til innhold

Kraftig forslåtte etter MC-velt

Sogndalspelarane Joe Bendik og Per-Egil Flo blei kraftig forslåtte då dei velta på motorsykkel fredag ettermiddag. Cupkampen søndag er uaktuell for begge.

Per-Egil Flo

PÅ SJUKEHUS: Per-Egil Flo må tilbringe natta på Førde sentralsjukehuset etter å ha velta på motorsykkel.

Foto: Arve Uglum / NRK

Dei to fotballspelarane var på veg frå trening på Hafslo då dei køyrde utfor vegen med motorsykkel ved Årøyane like før klokka tre i ettermiddag.

Begge blei sende med ambulanse til Førde sentralsjukehus. Dei ligg no på ortopedisk avdeling. Der skal dei bli i natt.

Ingen brot

Joseph Bendik, Sogndal Fotball

KRAFTIG FORSLÅTT: Joe Bendik slo seg i alboge og skulder.

Foto: Stig Høynes

Naprapaten til Sogndal Fotball, Kim Are Jacobsen, har nettopp vore på sjukebesøk.

– Joe har slege seg kraftig i alboge og skulder, Det er ikkje teke røntgen, men det skal det no. Vi vil utelukke at det kan vere brot. Per-Egil fekk eit kraftig slag mot hofta og overkroppen, seier Jacobsen til NRK.no.

I følgje naprapaten er det teke røntgen av det meste på kroppen til Flo, men det er ikkje funne nokon brotskader.

Ingen kamp og trening

Begge dei 22 år gamle elitespelarane er uaktuelle til cupkampen mot Saga i Førde på søndag.

– No skal dei få kvile og ro. Dette kunne gått mykje verre enn det gjorde. Dei er ute på ubestemt tid. Vi må sjå an dei næraste dagane korleis det går. Det er viktig at dei kjem til hektene igjen, så får kamp og trening komme i andre rekke.

Han fortel at dei trass alt er ved godt mot.

– Men dei ville sjølvsagt heller tilbrakt kvelden heime enn på sjukehus. Dei blir her til i morgon for at vi skal vere sikre på at alt har gått bra med dei, sier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.