Hopp til innhold

Vegarbeid hindra politiet å ta den kortaste ruta til drapsstaden på fjellet

Vegarbeid i ein tunnel gjorde at politiet køyrde ein omveg på nær fire mil for å kome seg til staden der tre menneske blei brutalt drepne. Samstundes væpna brannfolk seg med hemmarar for å ta drapsmannen.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Kart - Køyrde mange mil omveg» i nytt vindu

Klokka 17.35 fekk politipatruljen i Lærdal varslinga om at ein buss frå JVB var kapra på fjellstrekninga mellom Årdal og Tyin.

Først klokka 18.49 var dei framme på åstaden. Ein time og fjorten minutt etter dei fekk alarmen frå operasjonssentralen.

Det har i lengre tid pågått eit omfattande arbeid i Midnestunnelen, som ligg på strekninga som patruljen tok. Bilar har blitt sende i kolonne gjennom tunnelen.

Men NRK var i kontakt med selskapet som har trafikkvaktene ved tunnelen ved 20-tida, og då var det ingen vanskar med å ta seg gjennom tunnelen utanom dei faste kolonnetidene. Statens vegvesen sine trafikkmeldingar syner også at vegen er open for gjennomkøyring kvar heile halve time frå 18:00 til 23:30.

I kartet over kan du sjå dei ulike reisealternativa for politiet.

Brannmenn pågreip drapsmannen

I staden for å køyre den kortaste vegen på 52 kilometer, valde dei å køyre til åstaden via E16 og Fillefjell, ei strekning på 89 kilometer.

Då patruljen kom fram, hadde allereie mannskap frå Årdal brannvesen teke hand om gjerningsmannen. Han hadde då teke livet av tre menneske.

– Politiet reiste til staden nokså umiddelbart etter at dei fekk varsel. Det var denne patruljen som fekk oppdraget fordi det var den næraste patruljen. Dei valde å køyre over Filefjell med bakgrunn i kunnskap om at den kortaste vegen var stengd.

Det sa politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, under ein pressekonferanse på politihuset i Florø måndag kveld. Og vegen han omtalte som stengd er fylkesveg 53 som går frå Årdalstangen til Øvre Årdal.

– Rykte ut til trafikkulukke

Drifseiningsleiar for politiet i Sogn, Sogndal-lensmann Åge Løseth, seier patruljen rykte ut etter meldinga om det som var ei trafikkulukke.

– Slik eg har fått det opplyst rykte dei ut på melding om ei trafikkulukke, og ikkje noko anna. Det andre kom etter kvart, seier Løseth til NRK.no tysdag morgon.

– Patruljen hadde erfaringar med at vegen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen kunne vere stengd grunna vegarbeid, noko dei hadde erfart på eit oppdrag tidlegare.

– For å vere sikre på at dei faktisk kom fram, og ikkje måtte stå og vente på vegrydding, valde dei å køyre strekninga over Tyin, seier Løseth.

Han kjenner ikkje til om politiet gjorde forsøk på å ta kontakt med entreprenøren eller Vegvesenet for å høyre om det gjekk an å kome gjennom.

(Artikkelen held fram under)

Åge Løseth, driftseiningsleiar i Sogn, om politiet si vegval i samband med utrykkinga til busskapringa i Årdal.
Ronny Iden

PRESSA: Politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, måtte måndag kveld svare på kvifor politiet valde den lengste vegen til åstaden for trippeldrapa.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Vil vite meir om omstenda

Under pressekonferansen på politihuset i Florø måndag kveld fekk politimeisteren spørsmål om korleis han såg på at det tok så lang tid før politiet kom til staden.

– I denne tragiske saka kan vi sjølvsagt seie at det ikkje var bra, men vi vet ikkje noko meir om omstenda rundt dette, sa Iden til NRK klokka 22.35 måndag kveld.

(Artikkelen held fram under)

Brannvesenet jobbar i natt med å dekke til åstaden for trippeldrapa med presenningar.

DEKKJER TIL: Bussen vart natt til tysdag dekka til med presenningar. FOTO: Ole André Rekkedal.

Kritiserer tidsbruken

Formannskapsmedlem for Senterpartiet i Årdal, Alexander Øren Heen, reagerer sterkt på politiet sin tidsbruk.

– Eg reagerer sterkt på tida ein har brukt her, og set spørjeteikn ved at ein ikkje har kalla ut lokalt mannskap. Lang utrykkingstid er ikkje nett eit nytt tema i dette området, seier Øren Heen til bt.no.

Kripos på plass

Like etter klokka to i natt kom Kripos fram til åstaden. Kriminalteknikarar frå Kripos har no reist innanfor sperringane bort til bussen.

Dei er på staden for å delta i etterforskinga etter det fryktelege trippeldrapet som skjedde om bord i Valdresekspressen.

Mannskap frå brannvesenet i Årdal var i natt i arbeid med å dekke til ekspressbussen frå selskapet JVB med presenningar, for å gjere den grufulle åstaden klart for kriminaltekniske granskingar.

Væpna seg med pulverapparat

Ifølgje VG væpna brannvesenet seg med det dei hadde tilgjengeleg for å få kontroll på gjerningsmannen.

– Brannvesenet væpna seg med hemmarar og anna utstyr, men då han kom ut av bussen utan kniven, blei han ikkje angripen anna enn med handmakt og med eit pulverapparat, fortel eit augevitne til avisa.