Hopp til innhold

Dømd for promillekøyring

Ein mann i 30-åra må sone i fengsel etter å ha køyrt bil i rusa tilstand. Sjølv ønskjer mannen å sone med elektronisk fotlenke.

Det var i desember i fjor at sogningen vart teken på fersk gjerning då han køyrde bil med heile 2,19 i promille.

Dømd til 18 dagars fengsel

Retten vektla i skjerpande retning at promillegraden var så høg som den var, men la også vekt på at køyringa gjekk føre seg på nattetid over ei kort strekke.

Det skal ikkje ha oppstått konkrete faresituasjonar av køyringa.

Mannen er i Sogn tingrett dømd til 18 dagars fengsel, og må i tillegg betale ei bot på 22.000 kroner. Han mistar også førarretten i to år og to månader.

Vil sone med fotlenke

Mannen tilstod det heile i tingretten.

Her bad han også om å få sone straffa med elektronisk fotlenke, dersom det inneber at han får halde fram i jobben.

Avgjersla om sogningen eignar seg for slik type soning vert overlate til kriminalomsorga, går det fram i dommen.