Hopp til innhold

Kostnadssmell for ferjesambanda - må finne fleire tiltals millionar kvart år

Ferjesambanda til fylkeskommunen vert langt dyrare i åra som kjem. Det er klart etter at Fjord1 vann anbodsrunden om drifta av fylkeskommunen sine ferjeruter. Kostnadsveksten er på minst 25 prosent eller vel 23 millionar kroner i året.

Ferja Aurland

SMELL: Ferjesambanda vil verte langt dyrare for fylkeskommunen i åra som kjem. Det uroar leiar i samferdsleutvalet, Arnstein Menes. Det kjem på toppen av ein allereie svært pressa økonomi.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Leiaren i Samferdsleutvalet, Arnstein Menes frå Senterpartiet, seier dette er pengar ein ikkje finn på dagens budsjett. Dermed blir det mindre til andre gode føremål.

– Det er ein auke vi ikkje har lagt inn i budsjetta våre framover. Så dette blir nok eit tillegg til dei nedtrekka vi har frå før, seier Menes.

I eit fylke med rift om kvar ei krone til samferdsle er det ikkje godt nytt at ferjene blir mykje dyrare i åra som kjem.

I vår blei det klart at Fjord1 skal drive fylkeskommunen sine ferjer. Men prisveksten er formidabel. Politikarane har i sine langtidsplanar lagt inn ein buffer på fem millionar kroner. Men fylket si samferdsleavdeling seier no til NRK at auken vil bli minst 25 prosent, eller 23 millionar kroner.

– Veldig tøff prosess

Arnstein Menes

TØFT: Arnstein Menes seier at dei er inne i ein svært tøff prosess, som han ikkje ser noko umiddelbar god løysing på.

I tillegg skal ferjesambandet Daløy-Haldorsneset avgjerast neste år. Held utviklinga fram vil den samla auken kunne bli heile 30 prosent. Det kan bety utgiftsvekst på opp mot 30 millionar kroner.

Kostnadssmellen kjem på toppen av at regjeringa, saman med Venstre og KrF, alt har pålagt fylkeskommunen kutt i inntektene på 234 millionar kroner. Det gjer at både vegbygging og vidaregåande skular alt står i fare.

– No er vi inne i ein veldig tøff prosess der vi skal kutta så mykje dei neste åra. Eg ser umiddelbart ikkje ei løysing på dette, seier Arnstein Menes.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Kostnader for ferjesamband

Samband

Oppstartsår

Beløp oppstartsår 2014-kr.

Måløy - Oldeide

2017

23.434.000

Isane - Stårheim

2017

18.632.000

Askvoll - Gjervik - Fure - Værlandet

2016

43.452.000

Rysjedalsvika - Rutledal - Krakhella

2018

28.392.000

Vanskeleg å kompensere utgiftene

Veksten i ferjeutgifter kjem likevel ikkje heilt uventa. I fjor blei det klart at Møre og Romsdal fekk ein utgiftsvekst på om lag det same.

– Dette er vel tal vi kanskje kunne forventa etter det vi har sett i andre fylke nær oss, men dette er likevel alvorleg for oss.

– Er det mogleg å få kompensert denne utgiftsveksten på nokon måte?

– Vi må sjå nærmare på det etter kvart, men ut ifrå det vi forstod når det nye inntektssystemet kom i vår, ser det ikkje ut til at dette er noko vi kan legge over på andre.

Vil ikkje kritisere partifellar i regjeringa

Noralv Distad

IKKJE SVIKTA: Noralv Distad vil ikkje sei at regjeringa har svikta. Men både han og Menes stiller krav, og håpar også på betre tider for bruentusiastar.

Foto: pressefoto

Gruppeleiar for Høgre på fylkestinget Noralv Distad likar heller ikkje tala som kjem.

– Det er ein kostnadsauke som er veldig utfordrande i den økonomiske situasjonen me er i. Det blir knappare rammer framover, og det er ei stor utfordring.

– Dette skjer på same tid som regjeringa og stortingsfleirtalet tok ned inntektene til fylkeskommunane, mellom anna med bakgrunn i at dei meiner at ferjedrifta var overkompensert. Og så skjer dette her. Korleis ser det ut?

– Me meiner jo at tilskotet vert teke altfor mykje ned. Eg meiner me framleis må ha ein kommunikasjon inn mot staten for å vise ting som slår uheldig ut, seier Distad.

– Har regjeringa svikta fylket her?

– Nei, eg vil ikkje sei at regjeringa har svikta, men me forventar at regjeringa gjennomfører det som er eit ynskje frå Stortinget og frå Sogn og Fjordane, nemleg å legge til rette for gode rammevilkår slik at me får bygga bruer som avløyse ferjer.

Ferjeavløysingsordninga er ei ordning der ein vidarefører ferjetilskotet i minst 40 år når det blir bygd bru eller tunnel for å erstatte ei ferje.

Kan bety fleire bruer

For både Distad og Menes ser eit lyspunkt i det heile. Dei mange bruentusiastane i fylket kan ha sikra seg betre kort på handa når ferjene blir dyrare.

– No får vi sjå kva regjeringa kjem med som endeleg løysing for ferjeavløysingsmidlane. Det stranda litt sist, så eg er veldig spent på kva som kjem der, seier Menes.

– For uansett om det er bruer eller ferjer så må vel pengane ut ein eller annan stad?

– Ja, det er klart dei må det. Så lenge fylkeskommunen er eigarar er det vi som må låne pengane, og akkurat no har ikkje vi kapasitet til å låne pengar, seier Menes.