Hopp til innhold

Sogndal kortar ventetida med treningskampar

Sogndal Fotball får ei veke lenger fotballpause enn konkurrentane. – Etter ein månad pause er det viktig å få eitt par kampar for å kjenne på det att, seier trenar Eirik Bakke.

Eirik Bakke

NØGD: Trenar Eirik Bakke ser ikkje bort frå at det kan bli endringar i spelarstallen i løpet av fotballferien.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Serieleiaren i 1. divisjon tek fotballferie etter søndagens borteoppgjer mot Strømmen, som enda 1-1.

Grunna skifte av undervarmesystemet på Fosshaugane, får Sogndal Fotball ei veke lenger pause enn konkurrentane.

– Spelarane får ti dagar fri til vi startar treninga att, men så må vi byrje å fokusere på tøffe kampar i haust. Då er det inga betre trening enn å spele fotballkampar, seier Eirik Bakke.

Møter Førde

Eirik Bakke

NØGD: Trenar Eirik Bakke ser ikkje bort frå at det kan bli endringar i spelarstallen i løpet av fotballferien.

Foto: Oddleif Løset / NRK

For medan 1. divisjonsfotballen rullar att i slutten av juli, er det først 3. august at Sogndal skal i dyst att. Då mot Ranheim. Det blir vel lenge utan å ha fått testa seg i kampsituasjon for eit opprykksjagande Sogndal-lag.

– Vi har allereie avtala treningskamp mot Førde i Førde, og jobbar med ein kamp til, seier Bakke.

2. divisjonslaget Førde tek sin ferie frå 12. juli til 2. august.

– Vi går begge ein viktig haustsesong i møte, så eg trur det blir eit godt høve for både oss og Førde å få spelt ein kamp. Og så er det jo kjekt å få møte eit fylkeslag, seier Bakke.

Truleg 2. divisjon

Ettersom fotballen rullar att både i eliteserien og 1. divisjon i slutten av juli, får ikkje Sogndal velje motstandarar frå øvste hylle i den andre treningskampen. Truleg blir det ein annan motstandar frå 2. divisjon.

Laster innhold, vennligst vent..

– Men det er meir enn godt nok for oss. Eg er meir oppteken av å få ein kamp til, enn kven vi møter, seier Bakke.

– Kjem de også til å nytte høve til å sondere eventuelle nye spelarar i ferien?

– Spelarar kan komme inn og spelarar kan gå, men eg er veldig nøgd med troppen eg har no. Så store forandringar blir det ikkje.

Laster innhold, vennligst vent..