Hopp til innhold

Talet på musikantar stuper - korps må slå seg saman

Ei halvering i medlemstal sidan 1991 tvingar korps til å slå seg saman.

Sande skulemusikk

DET KLING GODT NÅR EIN ER FLEIRE: Sande skulemusikk slo seg i 2011 saman med Bygstad skule og hornmusikk.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Det at me har fått til å samarbeide mellom desse to bygdene har gjort til at me har greidd å dra lasset saman, seier Martine Aamodt, leiar hjå Sande skulemusikk.

Sande skulemusikk og Bygstad skule og hornmusikk har nemleg gjort som mange andre småkorps gjer. I 2011 slo dei seg saman grunna faretrugande låge medlemstal.

Medlemstal halvert sidan 1991

For på landsbasis er det no færre som er med i korps enn for berre nokre tiår sidan. I 1991 kunne Noregs Musikkorps Forbund melde om i underkant av 120.000 medlemmer. Ferske tal frå NMF syner no at medlemstalet er nede i 59.456.

Arvid Anthun er utøvande musikar og dirigent i blant anna Jølster Musikklag. Han er overtydd om at årsaka til sjølve nedgangen i medlemsmassen til korpsa ligg i det veldige aktivitetstilbodet til dagens unge.

– Ungdommen har veldig mykje anna å gjere. Og dessverre ser ein i enkelte miljø at korps då vert skadelidande. Har ein fleire ting å drive på med blir ofte korpset nedprioritert.

Arvid Anthun

POSITIV TIL SAMANSLÅINGAR: Musikar og dirigent Arvid Anthun.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Dirigenten meiner at korpsrørsla lyt tenkje nytt for å halde takta. Både dirigentar og andre leiarar som er ein del av korpset må bli flinkare til å finne ut av kva som fungerer, og kva som ikkje fungerer.

– Det skal fyrst og fremst vera ein fengjande hobby. Og for enkelte er det jo heller ikkje berre ein hobby, det er ein livsstil som strekkjer seg frå grasrota til det profesjonelle nivået. Overgangen frå amatør til profesjonell er ofte glidande.

Skal også lære noko

Vidare er Anthun oppteken av kvalitetssikring. Dei som spelar i korps skal ha det kjekt, det skal vera underhaldande for publikum som kjem og høyrer på, og oppi alt dette skal ein ikkje gløyme det pedagogiske.

– Samstundes som ein speler skal ein også lære noko, meiner Anthun.

(Artikkelen held fram under biletet)

Luftforsvarets Musikkorps spiller under presesinnsettingen i Nidarosdomen.

GLIDANDE OVERGANG FRÅ AMATØR TIL PROFESJONELL: Anthun ynskjer eit større fokus på at ein skal lære noko når ein spelar i korps. Her ser ein Luftforsvarets Musikkorps.

Foto: Arne Kristian Gansmo

Energiinnsprøyting

For mange korps har løysinga på rekrutteringsproblema vore å slå seg saman. Anthun skjønar godt kvifor småkorpsa vel å slå seg i hop.

– Det er jo klart at om ein sit sju stykke borti ein krok og spelar nokre pistrete ting som ikkje høyrest ut i det heile tatt så blir ein demotivert. Sånn er det jo med alt. Å spele fotball på ein stor bane med tre personar, det blir omtrent det same, seier Anthun.

Det er jo klart at om ein sit sju stykke borti ein krok og spelar nokre pistrete ting som ikkje høyrest ut i det heile tatt så blir ein demotivert

Arvid Anthun

Som døme på vellukka samanslåingar av korps nemner Anthun Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Dei har vore europameistrar og er del av den internasjonale korpseliten.

– Suksessen der låg jo nettopp i det at dei slo seg saman ein gong på 70-talet, seier Anthun entusiastisk.

Faren ved mellombels samanslåing

Anthun påpeiker at det er mange korps som vel å slå seg saman i anledning einskilde arrangement, som til dømes større konsertar og konkurransar.

– Dette er med på å gi korpsa den energiinnsprøytinga som dei treng, men faren med dette er jo kva ein gjer måndagen etterpå, når ein atter ein gong sit i kroken sin og spelar det som ikkje fungerer. Det er jo her me må vera kreative.