I helga var Kong Harald V på privat besøk i Lærdal for å fiske laks, skriv Sogn Avis i dag.
Lærdalselva har vore stengt for både kongelege og andre fritidsfiskarar heilt sidan 1996, etter at den dødelege lakseparasitten Gyrodaktylus salaris blei oppdaga. Kampen mot parasitten har kosta 45 millionar kroner.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Kongeleg gjensyn etter 17 år
Men no er det altså klart for fiske igjen. Sist Kongen fiska laks i Lærdalselva var i 1996. Då var han i Lærdal for å opne Villakssenteret. Det var det same året at den dødelege parasitten vart oppdaga i elva, og elva vart stengd for laksefiske.
(Artikkelen held fram under biletet)
Mykje fisk i elva
Besøket til Kongen på Kapteinsgarden på Wendelbo var eit privat besøk, difor ville han ikkje bli fotografert eller intervjua. Olav Wendelbo seier at Kongen og følgje fekk fisk og at det er mykje fisk i elva.
- LES OGSÅ:
– Heile følgjet fekk åtte fiskar, den største var 14 kilo. Kongen sjølv fekk ein laks på 6,2 kilo, fortel Wendelbo til Sogn Avis.