Hopp til innhold

Kondens øydelegg skule

No blir svømmebassenget stengd.

Leikanger ungdomsskule
Foto: Leikanger kommune

Kondens frå svømmebassenget har ført til fuktskader i tak-konstrukssjonane ved Leikanger ungdomsskule. Difor blir bassenget stengt frå 1. desember.

- Det har allereie oppstått skadar i taket over gymsalen, kor omfattande veit vi ikkje enno. Det seier næringssjef i Leikanger, Per Holen.

Livsfarlege golv

Eit anna problem som kondensen frå svømmehallen fører med seg, er at golvet i gymsalen blir glatt.

- Alle veit at dette kan vere livsfarleg. Difor tør vi ikkje å halde svømmeanlegget ope lenger, seier Holen.

40 år gamalt anlegg

Svømmebassenget ved Leikanger ungdomsskule er 40 år. Kondensproblema som har oppstått i det siste skuldast at luft-temperaturen i svømmehallen er for låg.

- Vi klarar ikkje å få nok varme inn i dette rommet. Det er nok for gamalt, seier Holen. Han trur ikkje bassenget blir opna igjen før det er oppgradert.

- Det kan nok bli stengt heile neste år. Først i 2009 er det planlagt å ruste opp svømmehallen.