Hopp til innhold

Kuttar i skulen for å få budsjetta i hamn

Fleire kommunar i fylket vil gjere store kutt i skulane for å kome i mål med neste års budsjett. Hyllestad må kutte 50 skuletimar.

Hyllestad skule

MÅ GJERE KUTT: Hyllestad skule er ein av skulen som kan stå overfor kutt når politikarane går inn for å redusere skulebudsjettet for neste år.

Foto: NRK-tipsar

– Ein kan ikkje ta ned budsjettet så mykje som ein gjer her utan at det går ut over tenestene. Det vil merkast både for dei som tek i mot og leverer tenestene, seier ordførar i Hyllestad, Jan Olav Gjerde.

Skulen i kommunen må redusere med nesten tre årsverk, noko som svarar til om lag 50 lærartimar i veka.

Gjerde forklarar at budsjettet må ned på grunn av nedgang i folketalet som igjen fører til lågare inntekter for kommunen.

– I alle år har ein prøvd å yte gode tenester innanfor dei rammene ein har, og alle pengane er blitt brukt opp etter kvart. Det er ingenting igjen i buffersona, og slik er situasjonen, stadfestar Gjerde.

Mange kommunar i liknande situasjonar

Arve Helle

HAR BRUKT FOR MYKJE: Fjaler-ordførar Arve Helle må også redusere budsjettposten for skulane i kommunen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Hyllestad kommune er ikkje åleine om vanskelege prioriteringar når kommunane i desember skal vedta budsjetta for neste år. Kommunestyret i Jølster har vedteke kutt i skulen. Askvoll må dekke inn eit underskot på nærare fire millionar kroner neste år, og om lag ein million av dette vil kome i skulen.

I Vågsøy er forslaget frå rådmannen å ta vekk 4,7 årsverk i skule og barnehage. Og i Fjaler er det førslått å kutte 8,5 årsverk, fem av desse i skulen.

– Det er sånn tala er. Vi har drive for dyrt, og må justere ned for å drive på forsvarleg vis. Vi skulle sikkert gått enno lågare sett i lys av dei rammene vi har, seier Fjaler-ordførar, Arve Helle.

Budsjettet som Hyllestad vedtek vil vekke reaksjonar, trur ordførar Jan Olav Gjerde.

– Eg trur at når budsjettet er ferdig klubba, så er dei veldig skuffa og leie seg på skulen, men også innafor helse og omsorgssektoren er dei nok leie seg.