Jan Eide med sjukehusplakat - Foto: Asgeir Reksnes / NRK
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Kommunalt nei til sjukehusplakat

Eid kommune har sagt nei til at Sjukehusaksjonen i Nordfjord får henge opp plakat på rådhuset på Nordfjordeid.

Det opprører styremedlem Jan Eide i sjukehusaksjonen.

– Eg er utruleg skuffa. Vi har stått på og brukt tid og eigne pengar for å få laga ein informasjonsplakat for å fortelje folk at vi er i live og at vi kjempar for Nordfjord sjukehus.

– Trudde det skulle gå lett

Det handlar om ein plakat som Sjukehusaksjonen har fått hjelp av næringslivet for å få laga og som skal hjelpe til med å verve fleire medlemmer. Eide fortel at dei har fått lov å henge opp plakaten på legesenteret, men då dei kom til Eid kommune var det bråstopp.

– Eg trudde det skulle vere lett å få det til. Då eg kom til rådhuset fekk eg beskjed om at dei skulle handsame saka og så skulle eg få melding om kva dei kom fram til.

– Dagen etter ringde dei og sa at dei ikkje kunne gje oss lov fordi det kunne vere andre som driv med aksjonar som kjem og ber om det same.

Men er det ikkje eit poeng at dersom de får lov til å henge opp plakat så må andre få lov og?

– Nei, det er eg ikkje samd i, for dette er ein spesiell aksjon, det er for å berge sjukehuset vårt, som snart ikkje er eit sjukehus lenger. Når ikkje politikarane gjer noko så må vi gjere det.

(Artikkelen held fram under biletet).

Ørjan Raknes Forthun - NEI TIL MEDLEMSVERVING: Rådmann Ørjan Raknes Forthun i Eid. - Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

NEI TIL MEDLEMSVERVING: Rådmann Ørjan Raknes Forthun i Eid.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Ikkje arena for medlemsverving

Rådmann Ørjan Raknes Forthun seier at Eid kommune sa nei til plakaten fordi dei oppfatta det som medlemsverving.

– Det er ikkje rett at rådhuset skal vere arena for slik verving. Rein informasjon om Nordfjord sjukehus har vi frå før i resepsjonen og utanfor kommunestyresalen. Det er stor skilnad på sakleg informasjon og på medlemsverving. Vervinga må dei ta utanfor rådhuset.

Jan Eide sende ein e-post til ordførar Alfred Bjørlo og spurde kvifor dei ikkje fekk henge opp plakaten. Då svara Bjørlo at han ikkje kjende til saka i det heile.

– Då sende eg svar tilbake om at eg synest det er rart at han ikkje veit kva dei gjer i administrasjonen.

– Stor skam!

– Fryktar du at dei gjer dette fordi dei ikkje vil ha noko med sjukehusaksjonistane å gjere?

– Det verkar slik, at dei trur at vi arbeider mot sjukehuset og mot arbeidsplassar i Eid, og det er heilt fullstendig gale. Når det gjeld Bjørlo som var ein sjukehusordførar synest eg det er stor skam.

Alfred Bjørlo viser til rådmannen når det gjeld sjølve saka. Utspelet mot han sjølv ynskjer han ikkje å kommentere.

– Jan Eide er ein mann som brukar store ord, det er alt eg vil seie.

Men Jan Eide har ikkje tenkt å avfinne seg med avslaget frå kommunen.

– Vi har ikkje tenkt å gje oss. Vi skal ut i alle kommunane med denne plakaten, vi vil ha blest om dette.

Skredet issolerte dei frå omverda.
Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.
Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.