Hopp til innhold

Kolonnekøyring i Gudvangatunnelen

I morgon fredag opnar Statens vegvesen E16 gjennom Gudvangatunnelen for kolonnekøyring for bussar og tyngre køyretøy.

På dagtid er det berre tomme bussar, med førar og maks ein passasjer, som får vere med opplyser Statens Vegvesen. På natta er det også opna for at tyngre køyretøy, over 7.5 tonn, får vere med i kolonnene.

På dagtid går det kolonne kl. 12.00 og 16.30 frå Langhuso, kl. 12.30 og 17.00 frå Gudvangen. Om natta mellom 21.00 og 07.00 blir det kontinuerleg kolonnekøyring.