Hopp til innhold

Motorsyklist til sjukehus etter kollisjon

Ein bil og ein motorsykkel kolliderte i Stongfjorden i Askvoll. Motorsyklisten er frakta til sjukehus.

Stongfjorden

Det var like før klokka 16 at ein bilist og ein motorsyklist kolliderte i Stongfjorden i Askvoll. Politiet veit ikkje noko om skadeomfanget.

– Det er for tidleg å seie noko om kva som har skjedd, opplyser politiet.

Politi er på staden, og det vert oppretta sak og lensmann vil etterforske saka, opplyser politiet.