Hopp til innhold

Motorsykkel mot bil i Stryn - to til sjukehus

Ein motorsykkel kolliderte med ein bil ved Stavenestunnelen i Stryn. To vart sende til sjukehus.

Motorsykkelen krasja med ein bil

LETTARE SKADER: Førde Sentralsjukehus opplyser at dei involverte i ulukka fekk tilsynelatande lettare skader.

Foto: Roger Vik

To unge menn er frakta til sjukehus i Førde etter etter at ein motorsykklist og ein bil kolliderte mellom Loen og Stryn i 1850-tida. Dei to er 21 og 24 år gamle.

Førde sentralsjukehus opplyser at dei to tilsynelatande skal vere lettare skadde.

Alarmsentralen fekk raskt brann og ambulansepersonell på staden.

MC mot bil i Stryn

UKJENT SKADEOMFANG: Førebels veit ikkje politiet skadeomfanget av ulukka.

Foto: Roger Vik
Stavenestunnelen