Hopp til innhold

Kristi knuste 30 år gamal rekord

Kristi Strømmen Kjerpeset (Florø) sette fredag ny norsk aldersrekord på 100 meter hekk under Framo-leikane i Fana.

Kristi Strømmen Kjerpeset på veg mot siger og ny norsk bestenotering.

ARKIVFOTO: Kristi Strømmen Kjerpeset følgjer i fotspora til bror sin Øyvind Strømmen Kjerpeset, og leverer solide løp på friidrettsbana.

Foto: Tone Strømmen Kjerpeset

Med tida 14.02 sletta ho Anne Beth Espeseth Hoven (Laksevåg) si bestenotering frå 1984. Den gamle rekorden var på 14,57.

Resultatet til Kjerpeset er eit internasjonalt toppresultat i hennar aldersklasse så langt i sesongen.

– Prestasjonen til Kristi i dette stevnet er fantastisk og mest truleg gir den VM-tur i juli i ein meisterskap der ho kan delta i to sesongar til på grunn av sin låge alder, rosar dagleg leiar i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane, Narve Heggheim.

Tida er nemlig seks hundredelar under kvalifiseringskravet til U18-VM. Meisterskapen blir halden i ukrainske Donetsk 10.-14. juli. Det er allereie bestemt at Norge sender utøvarar til meisterskapen.

Framo-leikane held fram laurdag og søndag med mange utøvarar frå Sogn og Fjordane. Heggheim seier desse leverte ei rekkje gode resultat og plasseringar på stemnets første dag. Framo-leikane er eit av dei største nasjonale ungdomsstemna i friidrett denne sesongen.