Hopp til innhold

Knipent tap for Gloppen i første opprykkskamp

(GLOPPEN – STRYN: 22-23) Stryn fekk tøff motstand når dei no kjempar om plassen sin i 2. divisjon. Dei unge herrane frå Gloppen hang med heilt til siste slutt og laga står nesten likt før returoppgjeret på søndag.

Sindre Flatjord for Gloppen Hanballklubb

FIRE MÅL: Sindre Flatjord skåra fire mål for Gloppen i første kamp mellom erkerivalane Gloppen og Stryn.

Foto: Aadne Gloppestad/Firda Tidend

– Vi står med eit fornuftig utgangspunkt før returoppgjeret, seier Gloppen-trenar Bjørn Roth-Andenæs etter eittmålstapet fredag kveld.

Dei frammøtte i Trivselshagen storbane på Sandane vart vitne til eit skikkeleg nabooppgjer då Gloppen og Stryn barka saman. Det står om ein plass i 2. divisjon. Gloppen vann nemleg suverent i 3. divisjon, medan stryningane enda på kvalikkplass.

No møtest laga til to kampar og i den første av dei var det altså stryningane som tok første stikk.

Vil gjere tap til fordel

Glopparane starta kampen best, men Stryn var raske med å ta inn forspranget. Til pause gjekk laga i garderoben med 9-9, før stryningane tok føringa i andre omgang.

Med fem minutt att av kampen leia Stryn 22–18 før det unge Gloppen-laget starta ei formidabel opphenting. Det vart akkurat for lite, for seint, og kampen enda 23–22 i favør gjestane frå Stryn.

Gloppen-trenar Bjørn Roth-Andenæs trur det kan vere ein fordel.

– Hadde vi vunne med tre, fire, fem mål hadde vi i returkampen gått inn med ei passiv tenking om at vi berre måtte sørge for at dei ikkje drog ifrå oss. Men no må vi framover, seier han.

Stryn har mykje å bevise

Gunnar Lindal Sigurdsson er trenar for herrane frå Stryn.

– Det var ein kjekk kamp, med mykje folk på tribunen, seier han etter sigeren.

Han skildrar motstandarane som eit ungt og godt lag, og er budd på kamp til døra når dei møtast igjen på søndag.

– Dette trur eg blir kamp til siste minutt, seier han.

– Kor viktig er det for dykk å vise at de fortener ein plass i 2. divisjon med å slå ut eit lag som prøver seg på opprykk?

– Ambisjonen vår er å halde oss i divisjonen, så vi må vise at vi høyrer heime der, seier han.