Karl Ove Knausgård - PÅ PÅSKEFERIE: Karl Ove Knausgård har teke turen til Jølster for å feire påske. - Foto: Ingunn Rauk / NRK

PÅ PÅSKEFERIE: Karl Ove Knausgård har teke turen til Jølster for å feire påske.

Foto: Ingunn Rauk / NRK

Knausgård vil skrive om Astrup

Forfattaren Karl Ove Knausgård let seg inspirere av Nikolai Astrup. No vil han gjerne skrive bok om han.

Knausgård har gjort stor suksess med den sjølvbiografiske romanen «Min kamp», som er utgjeven i seks bind. Sjølv om han tidlegare har sagt at han vil gje seg som forfattar, seier han at det kan bli aktuelt å skrive igjen. Då er målaren frå Jølster eit naturleg tema.

– Eg er veldig oppteken av Nikolai Astrup, så han har eg lyst å skrive om. Både livet hans og bileta som eg tykkjer er fantastiske. Då eg var liten, hadde vi bilete av Astrup på veggen og eg er veldig fortruleg med dei.

Målaren Nikolai Astrup er frå Bremanger, men budde i Jølster frå han var tre år gamal. Han var ein av dei største kunstnarane i Noreg tidleg på 1900-talet. Fleire av bileta hans er selde på auksjonar for kring fire millionar kroner. Det var i heimbygdene at Astrup fann motiv og inspirasjon til sine naivistiske, men sterkt ekspressive bilete.

Fascinert av bål og eld

Nikolai Astrups jonsokbål på frimerke - I 1980 gav Posten ut eit frimerke med ”Jonsokbål” av Astrup som motiv. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I 1980 gav Posten ut eit frimerke med ”Jonsokbål” av Astrup som motiv. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Knausgård fortel han blir dregen mot kombinasjonen mellom det universelle og det lokale i kunsten til Astrup.

– Kva ser du deg for deg at du skal skrive?

– Det blir nok eit essay, for eg har eit forhold til stadene og kunsten hans. I Skåne har eg ein reproduksjon av eit av mine favorittar, med St. Hans-festen og bålet. Eg har skrive mykje om bål og eld i alt eg har gjort, det har noko magisk ved seg. Eg ser krafta i jorda og i flammane.

Finn roa i Jølster

Eikaasgalleriet på Ålhus - ÅLHUS: Knausgård ferierer på Ålhus. For eit par år sidan, las han frå ei av bøkene sine på Eikaasgalleriet som ligg i bygda. - Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

ÅLHUS: Knausgård ferierer på Ålhus. For eit par år sidan, las han frå ei av bøkene sine på Eikaasgalleriet som ligg i bygda.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Knausgård har teke familien med på påskeferie i Jølster. Knausgård fortel at bygda har betydd mykje for skrivinga hans. Mor hans bur framleis i bygda, og forfattaren var der mykje i oppveksten.

– Mormora mi vaks opp i Jølster og mor flytta hit i vaksen alder. Eg har vore her gjennom somrane heile oppveksten og dei siste 10 åra har eg vore her veldig mykje.

Han vaks opp i eit byggjefelt i Arendal, men har funne både og ro og inspirasjon i Jølster opp igjennom åra.

– Eg trur Jølster finst i alle bøkene, meir eller mindre. Det er utruleg vakkert her, det kjem vi ikkje forbi. Eg vil også ha ei tilknyting til denne verda her. Det handlar om identitet og tilhøyrigheit. Det finst noko der som eg er interessert i og som er viktig for meg. Til dømes er alle borna mine døypte der, seier han.

Lite skigåing i påska

Familien Knausgård feirar påske som dei fleste andre, men med fast bustad i Skåne i Sverige blir det lite skigåing.

– Vi gjer ikkje det så mykje. Vi har tre born som leikar rundt og så badar vi ein del i bassenget i Førde. Borna mine er veldig svenske og der vi bur er det flatt og lite snø. Dei er ikkje vane med vintersport, men kanskje vi får dei med ski.

Trur på påskeharen

Enn så lenge er det andre skikkar og ritual som står i fokus. Heime hos Knausgård tek dei påsketradisjonane på alvor.

– I Sverige har vi ein skikk med påskehare. Vi legg påskeegg i hagen og ungane spring rundt og leitar. Eg trur ungane trur på påskeharen enno, ialllefall ho minste på seks år, ler han.

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.
Sjekker norskekysten for ålegras
Det lokale brannvesenet får skarp kritikk etter brannane i Lærdal og Gudvangatunnelen. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap meiner dei ikkje var organisert for leia og handtera det heile. Men konklusjonen til direktoratet møter motstand i Lærdal.
Cruisenæringa har ført til protestar frå lokalbefolkinga i Flåm.