Hopp til innhold

Forsikringsselskap fekk vite at huset var freda - då trekte dei pristilbodet

Forsikringsselskapa står ikkje akkurat i kø for å forsikre freda bygningar. Ein huseigar opplevde at han måtte ty til eit tilbod om forsikring som var 45.000 kroner høgare då selskapet fann ut at huset var freda.

Sønneva Eris hus dagen etter brannen i Lærdal

FREDA HUS GJEKK TAPT: Sønneva Eris hus på Lærdalsøyri gjekk med i storbrannen 19. januar. Forsikringsoppgjeret er ikkje klart etter storbrannen, og det er ikkje kjent om eigaren av dette huset har spesielt dyr forsikring.

Foto: Jan Erikstad

Huseigaren eig eitt freda hus i Oslo og eitt i Aust-Agder, og han inviterte fleire forsikringsselskap til å gje pris på forsikringa. Eitt selskap leverte eit anbod på 15.000 kroner.

– Men då dei oppdaga at det handla om freda hus trekte dei seg, og huseigaren vart ståande med eit lågaste tilbod på 60.000 kroner, fortel styreleiar Knut Aall i foreninga Fredet.

Han blir kontakta av fleire fortvila eigarar av freda hus.

– Dei er veldig bekymra. Det er ingen grunn til at dei som eig freda bygningar skal ha dårlegare forsikringar enn andre, ikkje minst fordi Riksantikvaren har garantert at meirkostnader ved skade skal dekkast av det offentlege.

Knut Aall

- MANGE ER FORTVILA: Styreleiar Knut Aall i foreninga Fredet seier mange eigarar av freda hus må betale svært mykje for å få forsikra husa sine.

Foto: Privat

– Prisar seg veldig høgt

Under storbrannen i Lærdal brann eit freda hus ned til grunnen, og i tilfelle som dette er det kulturminneforvaltinga som skal betale meirkostnader ved skade.

Likevel blir Riksantikvaren kontakta av mange eigarar av freda bygg som ikkje får forsikra bygningane sine, eller får tilbod om skyhøge forsikringspremiar. Mange tek også kontakt med Foreningen Fredet, seier Aall.

– Dei fleste selskapa ynskjer ikkje å ha freda bygningar i sin forsikringsportefølje, dermed står dei att med eit par selskap, med liten konkurranse. Desse vel å prise seg veldig høgt for å møte den risikoen det er ved å forsikre freda hus.

Knut Aall seier dette er ein fortvila situasjon for mange huseigarar. Mange torer ikkje fortelje korkje banken eller familien at dei ikkje har fått forsikra huset.

For tre veker sidan var heile det verneverdige trehusområdet i Lærdal truga av brann. Eitt freda hus brann ned til grunnen i Lærdal, og tre andre verna bygningar vart totaltskadde.

Geir Trulserud

DYRT Å REPARERE: Skadar på freda hus er veldig kostbare å utbetre, seier Geir Trulserud i Finans Norge.

Foto: Håkon Eliassen

– Veldig kostbare skadar

Og forsikingsbransjen har erfart at det kostar å reparere skadar på freda bygningar. Difor blir det dyrt å forsikre slike bygningar, seier leiar for skadeforsikringsområdet i Finans Norge, Geir Trulserud.


– For freda bygningar har det vore mykje arbeid for å tilfredsstille antikvariske myndigheiter. Over mange år er det opparbeidd ein konsekvens av desse skadane som er veldig kostbare. Difor har forsikringsselskapa sett premien i forhold til den kjende risikoen.

– Tek ekstrakostnader

Men Riksantikvar Holme seier Staten garanterer for ekstrakostnader om ein freda bygning blir skadd og må førast tilbake til opphaveleg stand. Det har han mint forsikringsbransjen og kulturstyresmaktene på i brevs form.

– Vi kan også bestemme oss for å ikkje restaurere skadar fullt og heilt. Då blir det ei vanleg utbetring utan å ta vare på historiske lag. Men dersom vi bestemmer oss for at dette rommet er viktig å tilbakeføre, så tek vi ekstrakostnadene utover det ei fullverdiforsikring dekker.


Men garantien har ikkje fungert, meiner Trulserud.


– Det er ingen som ser effekten av dette i marknaden, slik eg kan begripe. Då vil selskapa operere som om ingenting har skjedd inntil dei ser at midlar frå Riksantikvaren blir brukte, og dei ikkje får noko ekstra styr og ståk med freda bygningar.

Han meiner krava som kjem i etterkant av Lærdalsbrannen kan vere ein viktig prøvestein for ordninga.

– Dersom det viser seg at det blir stilt krav om tilbakeføring, og det fører til store meirkostnader, så er det ein god prøve på om det finst økonomiske midlar til å gjere det.

– Ta kontakt med fylkeskommunen

Jørn Holme

GARANTERER FOR MEIRKOSTNADER: Riksantivkar Jørn Holme

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Riksantikvar Holme står ved garantien, og han ventar at forsikringsbransjen følgjer opp.

– Dersom det blir skade på forsikra, freda eigedom, må eigaren straks ta kontakt med fylkeskommunen, som er rette instans. Fylkeskommunen kan søke råd hjå oss, og så skal vi behandle saka på ein ryddig måte, slik at eigaren ikkje får problem med forsikringsselskapet.

Han seier at huseigarar som får dårlege forsikringsvilkår bør vende seg til Riksantikvaren og gjerne til Finansklagenemnda, som er klagenemnda for forsikringsbransjen.