Hopp til innhold

Knall og fall under aking i alpinbakken

SOGNDAL (NRK): Bli med på vill aking i alpinbakken i Sogndal under Fjellsportfestivalen. Akekonkurranse er ikkje for pyser.

Created by InfoDispatcher

Skummelt: - Det var litt bratt, seier Hildegunn Solheim.

– Eg kjenner at eg er litt nervøs. Det er litt bratt. Det sa Hildegunn Solheim (20) då ho gjorde seg klar til å delta på Superskreie-Konk. Det uhøgtidlege akekappløpet vart arrangert av Fjellsportfestivalen i samarbeid med VEKAO15.

Etter ein regntung dag i går fekk Fjellsportfestivalen endeleg opphaldsvêr i dag. Til saman tjue deltakarar kasta seg utfor alpinbakken med alt frå akebrett til søppelsekkar.

Hildegunn skulle eigentleg berre dela ut kaffi og sjokolade som ein del av Gledespatruljen som går rundt med fargerike parykkar. Men på impuls vart ho med på akekonkurransen. Sjå videoen og bli med på den heftige ferda nedover bakken.

(Musikk i filmen: Sahara Blind - Whales & This Lake)