Hopp til innhold

Knall og fall – mange beinbrot på skøyteisen

Mange har vore uheldige på glatta dei siste vekene. I Nordfjord gjekk dei neste tom for gips.

Skøyter, is

BERRE LITT BLÅ: Borna på skøyteisen i ballbingen på Slåtten i Førde blir betre på isen for kvar dag. Det blir litt knall og fall, men førebels har dei berre fått litt blåmerke.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Nordfjord sjukehus har merka ei kraftig auke i folk som har ramla og skada seg på glatta dei to siste vekene. Det kalde, fine vêret har lokke mange ut på skøyteisen og i alpinbakkane, og i gatene har det også vore vanskeleg å halde balansen.

– Sist helg gjekk vi nesten tom for gips, fortel avdelingssjukepleiar ved poliklinikken, Ien Klaver.

Folk i alle aldrar har kome inn på poliklinikken med forstuingar og brot i blant anna anklar og handledd.

Fleire skøyteskadar

Legevakta i Førde har også merka større pågang dei siste vekene..

– Vi har hatt litt fleire skadar i det siste enn det vi plar. Det er mest ungar som har gått på skøyter på isen. Det fortel legevaktlege Jens Christian Faber.

På Lærdal sjukehus har dei derimot ikkje merka ei auking av beinbrot på glatta, fortel einingsleiar på kirurgisk og ortopedisk skadeklinikk, Rebecca Hartman-Thim.

Likevel kan det fort snu dei komande dagane.

– Det er jo meldt mildvêr i helga, så då er det jo ein større risiko for at folk sklir på glatta og kjem inn til oss, seier ho.

Brukar hjelm på isen

Borna i ballbingen på Slåtten har slått seg på isen mange gongar, men har ikkje fått meir alvorlege skadar enn blåmerke.

– Det er veldig, veldig moro, men eg har ikkje alltid vore så flink, eg har ramla på isen mange gonger, fortel Jonatan Rotnes (7).

– Det er moro på isen, men litt vanskeleg òg, sidan det er så glatt, seier Sara Josefine Rotnes (4). Ho står på skøyter for tredje gong. Då er det godt å ha ein far å halde i handa.

Borna fortel at det er viktig å beskytte seg godt, spesielt når ein står på skøyter. Då er hjelm veldig viktig, fortel dei.

På skøyteisen på Slåtten, Førde

BRUK HJELM: Dei kosar seg på skøyteisen, men kjenner seg ekstra trygge når dei har hjelm på. F.v.: Lina Karin Svon Hansen (7), Syver Syltesæter Hattland (7), Jonatan Rotnes (7), Bertine Marskar Strønen (7), Stina Flistad Fostedal (7), Kasper Neskarsc (7), Sara Josefine Rotnes (4)

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK