Hopp til innhold

Klypte snora til nytt lokalmedisinsk senter i Lærdal

LÆRDAL (NRK): I dag var det offisiell opning av Sogn lokalmedisinske senter i Lærdal. Allereie på opningsdagen håper ordføraren i kommunen at fleire skal bli med på samarbeidet.

Klypte snora for nytt lokalmedisinsk senter

OFFISIELL OPNING: Snorklippinga vart utført av stortingsrepresentant Kjersti Toppe, for høvet med skalpell. Til venstre dagleg leiar Vivian Kvam.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Sju kommunar i Indre Sogn har gått saman om senteret, som har tilhald på Lærdal sjukehus. Aurland, Lærdal og Årdal står som eigarar, medan Vik, Leikanger, Sogndal og Luster er med på delar av samarbeidet.

– Det er kjempegodt å endeleg gjere litt praktisk arbeid og ikkje berre planleggje, seier Vivian Kvam, dagleg leiar ved Sogn lokalmedisinske senter.

Stortingsrepresentant håpar fleire ser til Sogn

På opninga møtte representantar frå Helse Førde, tilsette og leiarar frå prosjektgruppa til Sogn lokalmedisinske senter, ordførarar i Sogn og andre inviterte gjester. Blant dei var stortingsrepresentant for Senterpartiet, Kjersti Toppe, som fekk æra av å klippe snora.

Ordførartrekløver frå Sogn ønskjer velkomen

SAMARBEID: Dei tre kommunane Aurland, Lærdal og Årdal, her ved ordførarane Noralv Distad (H), Jan Geir Solheim (Sp) og Arild Ingar Lægreid (Ap), er eigarane av det nye lokalmedisinske senteret.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Eg trur vi i politikken har undervurdert det helsetilbodet som kommunane kan gje sjølve. Det krev samarbeid og det er nettopp det ein har fått til her. Det er mange plassar i landet som burde ha gjort det same, seier Toppe.

Ho trur innbyggjarane vil nyte godt av tilbodet i tida som kjem.

– Det viser seg at når ein får dette opp og går, så blir det elska av pasientane, seier ho.

Fleire må bu seg på lengre reiseveg

Sjølv om den offisielle opninga var i dag, er det ei veke sidan det lokalmedisinske senteret tok imot sine første pasientar. Dagleg leiar Vivian Kvam seier det meste har gått etter planen.

– Det har vore smårusk på det tekniske, på telefonar og data, men ikkje meir enn at det har vore handterleg. Legevakten har fungert fint og det har vore ein god del pasientar innom, spesielt i helga, seier Kvam.

Dei tre kommunane Aurland, Lærdal og Årdal samarbeider no legevakta på det nye senteret. Aurlendingar og årdølar må dermed reise til Lærdal for å få legetilsyn på ettermiddagane og i helgane.

– Innbyggjarane i Aurland har vore vande med dette, legevakta har vore i Aurland og Lærdal annakvar veke. For årdølane så er det ein ny situasjon, seier Kvam.

Sjukepleiarane er klare til å ta imot pasientar

KLARE TIL DYST: Sjukepleiarane Jorunn Dalaker og Stine Sørli er klare til å ta imot pasientar.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Vil ha fleire med på samarbeidet

Det har vore ein hard kamp for å få alle kommunane i Indre Sogn med på laget. Enkelte har bestemt å stå utanfor delar av samarbeidet. Mellom anna vil både Sogndal og Luster ha eigen legevakt og eigne senger for pasientar som treng akutt hjelp.

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, håper at fleire etter kvart får auga opp for dei medisinske tenestene dei kan tilby i Lærdal.

– Når vi får denne prosessen litt på avstand, så håper eg at fleire vil bruke dette som sitt lokalmedisinske senter. For det er det vi ønskjer. Vi ønskjer slett ikkje å bli uvenner med nokon, men dei skal vite at døra står open, seier han.