Hopp til innhold

Klinte til med sin første pallplass i storslalåm

Åge Solheim (19) hadde ikkje fått utteljing for den gode forma i bakken så langt i år – inntil han stod på start i FIS-rennet i storslalåm på Geilo.

Åge Solheim i storslalåm

PÅ PALLEN: – No har eg to greiner der eg veit eg kan hevde meg i toppen, seier Åge Solheim etter pallplassen i storslalåm.

Foto: Privat

– Veldig kjekt. Skikkeleg kult, gliser Åge Solheim etter tredjeplassen han sikra seg måndag.

Han hadde frå før tre pallplasseringar i FIS-renn i slalåm. Deriblant to sigrar. Men han hadde aldri vore på pallen i storslalåm.

Har to greiner der han kan hevde seg

På Geilo vart 19-åringen frå Haugen nummer tre for første gong. Han hadde ei av dei beste tidene i begge omgangane, og enda 0,92 sekund bak vinnaren Tomas Markegaard med slovenske Luka Pancur på plassen mellom.

Solheim synest det er ekstra stas at det no skjedde i storslalåm.

– Eg tek det heilt klart som eit godt teikn. No har eg to greiner der eg veit eg kan hevde meg i toppen, seier han.

– Eg håpar å ta nye steg utover i sesongen, legg han til.

Smakte godt med topplassering

Så langt denne sesongen var to åttandeplassar i slalåm dei beste resultata. Også dei kom på Geilo. I tillegg har han debutert i europacup . No håpar Solheim at han skal vist fram meir av det han veit han er god for.

– Eg har køyrt bra på trening, men ikkje heilt klart å få det ut i renn. Så no gjorde det godt med ei plassering i toppen, seier alpinisten.

Då NRK snakka med Solheim var han akkurat ferdig med førsteomgang i eit nytt storslalåmrenn på Geilo. Han låg på sjuandeplass – godt innanfor skothald til ei ny topplassering.

– Eg veit at forma er der, og er eigentleg nøgd med sesongen så langt, seier Solheim.

Åge Solheim er den første herreløparen frå Sogn og Fjordane på europacuplaget i alpint på svært lang tid. Her er nordfjordingen på samling sommaren 2015.

PÅ TRENING: Sjå Åge Solheim på trening i sommar.