Hopp til innhold

Kledde av seg i sola - enda i avisa

Då Firda Tidend-journalisten stoppa bilen for å svare på ein telefon, fekk han auge på eit par som tydeleg sette pris på litt sol på vinterbleik hud ...

Par tok bilete utan ein tråd i Våtedalen

FOTOSEANSE I DET FRI: Dette paret fann ut at Våtedalen ville vere flotte kulissar for nakenfotografering. Som sagt så gjort ...

Foto: Hallstein Dvergsdal, Firda Tidend

– Eg fekk ein telefon, og køyrde inn på ei lomme for å svare på denne. Då eg såg kva som skjedde, tok eg fram kameraet, humrar Hallstein Dvergsdal til NRK.no.

Han er journalist i Firda Tidend, og kjem gjennom jobben borti mange artige situasjonar. Men han nok aldri sett noko liknande før:

På veg gjennom Våtedalen på E39 mellom Sandane og Skei sperra han augo opp: Eit par utan så mykje som ein tråd på kroppen var travelt opptekne med å ta bilete av kvarandre i vakker vestlandsnatur.

Kanskje var fotoseansen inspirert av den nye trenden, der ungdom på tur i naturen kastar kleda og tek bilete av seg sjølv.

Uansett enda den private fotograferinga opp som ein artikkel i lokalavisa.

«Dei gav seg god tid med fotograferinga og etter at motiva var i boks kledde dei på seg og vinka til fotografen», heiter det i Firda Tidend.

Og som journalisten avsluttar med: Friluftsliv kan vere så mangt...