Hopp til innhold

– Upåklageleg innsats frå brannmannskapet

Brannen i eit burettslag i Øvre Årdal kunne gått langt verre om ikkje brannmannskapa hadde kome raskt til.

Brannmannskap i Årdal

RYKKA RASKT: Om lag 20 brannmannskap kom raskt til brannstaden i Øvre Årdal.

Foto: Siren B. Svortevik

Då brannen i Øvstetunvegen på Farnes i Øvre Årdal braut ut rett før 22.30 måndag kveld, blei det slege totalalarm.

Det vil i praksis seie at både brannvesenet, samt dei av industrisvernet på Hydro som hadde høve, rykka ut.

– Det var om lag 20 mannskap med på aksjonen. Den er no sløkt og alt er under kontroll, seier brannbefal Inge Steinheim til NRK.

Klarte å hindre spreiing

Han rosar brannmannskapet som klarte å avgrensa brannen før den spreidde seg vidare i burettslaget, som delvis også fungerer som eit bufellesskap.

– Innsatsen var upåklageleg. Brannmannskapet klarte å stoppe brannen i den leilegheita der brannen byrja slik at vi ikkje fekk nokon spreiing av brannen, seier Steinheim.

Store skader på huset

Han vil ikkje spekulere noko i brannårsaka, men slår fast at det er store skader på leilegheita der brannen starta.

– Det kan også vere røyk- og vasskadar på dei andre leilegheitene. Alle bebuarane er tekne hand om og har fått ein stad å bu. Så får vi sjå kva morgondagen bringar når det gjeld det vidare arbeidet, seier Steinheim.

brann årdal

FULL FYR: Brannen i den eine leilegheita utvikla seg raskt.

Foto: NRK-tipsar