Hopp til innhold

Klart for privatskule i Kjølsdalen

Det blir starta montessoriskule i Kjølsdalen når Eid kommune til hausten legg ned den offentlege grunnskulen i bygda.

Kjølsdalen skule

BLIR PRIVATSKULE: Kjølsdalen skule.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det stadfester styreleiar Ove Kjøllesdal overfor Fjordabladet.

– Vi hadde ei god kjensle, men var likevel litt spente.

Initiativtakarane til ein privat montessoriskule har tidlegare sagt at dei måtte ha 25 elevar, men aller helst 30 for å kunne starte. No er det 32 skriftlege påmeldingar, skriv avisa.

Kjølsdalen krins har 33 skulepliktige barn. Ein god del av påmeldingane kom dei siste dagane før påmeldingsfristen 28. februar.

No inviterer skulen andre elevar frå både Eid og nabokommunane til å gå i Kjølsdalen.

Kjølsdalen Montessoriskule har forhandla fram ein avtale med Eid kommune om å få kjøpe skulebygningen for 750.000 kroner. Denne avtalen er enno ikkje politisk godkjend.

Ove Kjøllesdal

- VAR SPENT: Ove Kjøllesdal (her i midten som tilhøyrar under kommunestyremøtet der skulen vart lagd ned).

Foto: Stig Høynes