Hopp til innhold

Klarer ikkje stogge svindlarar

Politiet har ikkje noko dei skulle sagt mot utanlandske telefonsvindlarar.

Svindel

IKKJE MICROSOFT: Dei ringjer, snakkar engelsk og vil ha tilgang til datamaskina di og personlege opplysningar. – Det er rein svindel, og folk må ikkje la seg lure, seier politiet.

Foto: Petter Strøm / NRK

Det er vanskeleg å nå fram og finne ut av kven desse svindlarane er, fortel Isak Husevåg politiførstebetjent ved Eid lensmannskontor.

Åse Liv Lote utsett for Microsoft-svindel

VART SVINDLA: SVINDLA: Ho tek det med relativt godt humør, men Åse Liv Lote håpar andre kan lære av hennar eigen tabbe.

Foto: Odd Helge Henden / Privat

Ber om personlege opplysningar

Dei siste dagane har fleire teke kontakt med ulike lensmannskontor for å fortelje om at dei er forsøkt svindla.

– Det er personar som snakkar engelsk som ringjer til privatpersonar og utgjev seg for å bedrifta «Microsoft». Dei fortel at det er noko feil med maskina til den dei ringjer til, og treng personlege opplysningar for å kunne hjelpe, seier Husevåg.

Berre denne veka har fire personar vore inn om kontoret i Eid for å fortelje om telefonane dei har fått.

Ringde Håkon to dagar på rad

– Dei starta friskt då dei ringde og tilbydde seg å rette opp ein feil på datamaskina mi. Då vart eg skeptisk. Dei ringde to dagar på rad. Først ein mann med asiatisk aksent. Same dagen ringde det ei dame med same aksent, fortel Håkon Solheim frå Jølster.

Men det stoppa ikkje der. Dagen etter fekk han nok ein telefon.

– Då var det ei engelsktalane dame. Ho ringde to eller tre gonger, fortel han.

Solheim synest det er skremmande at slik svindel aukar.

– Eg synest svært lite om dette. Det er jo rein svindel. Dei vil at du skal sleppe deg inn på datamaskina og dei vil ha tilgang til personlege opplysningar. Det er skremmande at det skjer.

Hans tips til andre som opplever å få slike telefonar er klar.

– Legg på røret. Og ikkje bruke tid på det for det kjem ikkje noko godt ut av.

Ingen svindla hittil

Aktor Jørn Lasse Refsnes og politiførstebetjent Isak Husevåg i retten i svindelsaka.

ÅTVARAR: Isak Husevåg, politiførstebetjent i Eid (t.h) ber folk leggje på om det kjem telefonar frå ukjende, engelsktalande personar. Arkivfoto.

Foto: Bård Siem / NRK

Solheim har ikkje snakka med politiet om saka.

Nei, dei kan ikkje gjere noko med dette. Det er utanlandske svindlarar og dei er vanskelege å få has på, seier Solheim.

– Det er heldigvis ikkje nokon som har gått på og blitt svindla og det er vi glade for, seier politiførstebetjent Husevåg.

– Kva bør folk gjere om dei får ein slik telefon?

– Det er berre ein ting å gjere med dette. Legge på røret så fort som mogleg.