Hopp til innhold

Klare for påsketrafikken

I dag er det første store utfartsdagen før påske og for å vere på den sikre sida har Norled sett inn fire ferjer på Lavik-Oppedal.

Lindy Vilnes

PÅ LANGTUR: Lindy Vilnes drar til sydlege breiddegrader for å feire påske

Foto: Steinar Daltveit / NRK

– Det er kjempefint at dei har sett inn ekstra ferje. Vi kom akkurat når dei la ned bommen på førre ferje og då er det kjekt å vite at det ikkje er lenge til neste, seier Lindy Vilnes.

For første gong på 20 år har ho i år droppa den tradisjonelle kystpåska til fordel for ein utanlandstur.

– Vi skal i år til Puerto Rico.

– Korleis blir det då med påskestemninga?

– Det reknar eg med det blir, og elles har vi med både påskeegg og krim i kofferten, seier ho.

Lavik - Oppedal

GOD KAPASITET: Norled set inn ei fjerde ferje på Lavik–Oppedal for å ta unna den forventa påsketrafikken.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

Tidlegare år har det gjerne oppstått køar og langt venting, i år har Norled vore føre var.

Vi har sett inn fire ferjer, slik at vi kan ta unna trafikken seier kaptein Knut Skår.

Med ei fjerde ferje i sambandet går det no berre 15 minutt mellom kvar avgang, mot 20 minutt til vanleg. Så langt har flyt trafikken godt utan venting. Det reknar Skår med den kjem til å gjere også ut over kvelden.

– Vi skal klare å halde unna trafikken, eg trur ikkje noko kjem til å oppleve å måtte stå i kø på land.