Hopp til innhold

Klare for Nordfjord kommune

SANDANE (NRK): Eid og Gloppen er samde om ein intensjonsavtale om samanslåing av dei to kommunane. Blir Nordfjord kommune ein realitet, blir Sandane kommunesenter.

Kommunesamanslåing Nordfjord

FULL SAL: Mange møtte opp i kommunestyresalen på Sandane i dag. Også innbyggjarar. Eidarane kom samla i buss.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg meiner at denne avtalen vi har fått til, er ein avtale som gir begge kommunane ei god moglegheit til å utvikle seg, seier ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad frå Senterpartiet.

Avtalen vart måndag lagt fram for kommunestyra i dei to kommunane for vidare handsaming, skriv dei i ei pressemelding.

Forhandlingsutvala i Eid og Gloppen er altså samde om å inngå ein intensjonsavtale om samanslåing av dei to kommunane til éin ny kommune frå 1. januar 2020. Den nye kommunen vil då få namnet Nordfjord kommune.

– Det er ikkje slik at eidarane skal gjere glopparar av seg og omvendt. Poenget er å utvikle ein større region. Målet er å skape større og gode fagmiljø som er attraktive å jobbe i og gir trygge og gode tenester i framtida. Og ikkje minst handlar det om å bli ei felles kraft for samfunnsutvikling og næringsutvikling, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo frå Venstre.

– Skal vi få til vekst og utvikling må vi vere sterkare. Det handlar om å byggje ein sterk og samla kommune i midtre Nordfjord, legg han til

Sandane som kommunesenter

I intensjonsavtalen legg dei vekt på at tenestene i den nye kommunen, som barnehagar, skular og eldreomsorg, skal ytast desentralisert slik som i dag.

Dei administrative oppgåvene vert fordelt mellom Nordfjordeid og Sandane:

Sandane (Heradshuset):

  • Ordføraren og rådmannen med stab
  • Kultur- og nærings-/landbruksavdelinga
  • Servicetorg

Nordfjordeid (Eid Rådhus):

  • Skule- og oppvekst
  • Helse- og omsorgsadministrasjon
  • Planavdeling
  • Servicetorg

Sandane får difor status som kommunesenter.

– Begge kommunane ønskte å ha status som kommunesenter og få ordførar- og rådmann-plassering i den nye kommunen, men for at vi skulle komme i mål og finne ei god løysing måtte vi få ei mest mogleg likeverdig fordeling mellom dei to kommunane. Dermed enda vi opp med denne modellen, seier Bjørlo.

– Eg føler vi har funne ei god løysing. Så dette er ein siger for oss begge, seier Gloppestad.

Dei som jobbar i kommunane i dag er blitt lova at dei får behalde jobb i kommunen, men må vere førebudde på at her kan det komme nye oppgåver og arbeidsstad.

Alfred Bjørlo og Leidulf Gloppestad

GÅR SAMAN: Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) og Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad (Sp).

Foto: Silje Guddal / NRK

Tja...

Ved ei samanslåing vil den nye kommunen ha om lag 12.000 innbyggjarar og bli blant dei tre største kommunane i Sogn og Fjordane.

Målet er å bli eit regionalt tyngdepunkt i Nordfjord på linje med Førde og Sogndal, men sjølv om intensjonsavtalen no er forhandla fram, er ikkje alle folkevalde like overtydde.

– Eg synest dei har gjort eit godt arbeid, men eg er framleis ikkje overtydd om at eg vil ha ein samanslegen kommune. Vi i Gloppen SV gjekk til val på at vi ønskjer at Gloppen skal vere ein eigen kommune, seier kommunestyremedlem Hege Lothe.

I Eid har Sigurd Reksnes og Sp vore blant skeptikarane. I dag la han seg på ein mindre avvisande tone.

– Eg har glad for at vi har fått ein konkret avtale på bordet. No vil vi vurdere den internt i gruppa, og vi vil ha medlemsmøte. Eg ser fordelar med storkommunen, men eg har heile tida vore skeptisk til kommunereforma, seier Reksnes til NRK.

Realisering av fjordkryssing

Eit av hovudmåla for etablering av den nye kommunen er å raskt få realisert ei bru mellom Anda og Lote for å binde saman den nye kommunen.

– Eit premiss for at vi går saman er at det skal komme ei bru i framtida. Skulle vi komme i ein situasjon i framtida der vegane vert lagt om, så er ikkje denne kommunen berekraftig. Vi går saman i tru på at brua kjem, seier Bjørlo.

Dei har også eit mål om å få lokalisert minst éi større statleg etatseining innan 2021.

Planen er mest truleg å ha ei rådgjevande folkerøysting om samanslåing i mai, før ein gjer endeleg vedtak i kommunestyra i juni