Hopp til innhold

«Det er veldig kjekt å gå opp her - og litt langt»

Agathe Hvidsten (4) er veldig klar for å gå oppover mot toppen av Hafstadfjellet. Førde Opp vert i dag arrangert for andre gong og både små og store er allereie på plass i løypa.

Agathe Hvidsten på Førde Opp

SKAL PÅ TOPPEN: Agathe Hvidsten (4) vil heilt på toppen av Hafstadfjellet i dag.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det er kjekt å gå oppover her, men det er ganske langt å gå, seier Agathe Hvidsten på fire og eit halvt år.

Idag vert nemleg motbakkeløpet Førde Opp arrangert for andre gong. Mosjonsklassa er allereie godt i gong med å ta seg oppover bystien i Førde, Hafstadkleiva.

Sjølv om vêret har vore litt fram og tilbake denne føremiddagen er løypa allereie fylt med spreke turgåarar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utsikt frå Hafstadfjellet

UTSIKT: Sola kikka fram mellom skyene.

Foto: Tale Hauso / NRK

Agathe skal heilt opp på toppen har ho bestemt seg for, men då er det viktig med niste.

– I dag har eg med sjokolade på turen. Det er godt. Og så skal eg ete pølser og marshmallows, fortel Agathe.

Rundt halsen har ho hengande ein medalje.

– Denne fekk eg fordi eg har gått så langt, smiler ho.

Klokka 12.45 startar konkurranseklassa.

Motbakkeløpet startar i Førde sentrum og endar på toppen av Hafstadfjellet, 706 meter over havet.

Nesten på toppen går fire jenter. Dei har hatt ein fin tur så langt.

– Det har vore kjempekjekt, og no er det ikkje lenge igjen til vi er på toppen. Vi ser masta der oppe, fortel dei fire jentene, Erle, Otilie, Guro og Sofie.

Jenter på Førde Opp, Hafstadfjellet

SNART PÅ TOPPEN: Frå venstre: Erle, Otilie, Guro og Sofie gledar seg til pølser på toppen.

Foto: Tale Hauso / NRK