Hopp til innhold

Eigedomsmeklar: – Småbruk er blitt trendy

Å investere i småbruk er blitt ein trend, ifølgje eigedomsmeklar. Men framleis har kjøparar få gardar å velje mellom, trass i at fleire tusen gardsbruk så å seie står tomme.

Gardsbruk på Løland i Hyllestad

POPULÆRT: Stadig fleire ønskjer å kjøpe småbruk, men få vert lagde ut for sal. På dette småbruket i Hyllestad i Sogn og Fjordane har eit ungt par etablert seg etter å ha leita i lang tid.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Draumen om eit litt rolegare liv på landet lokkar stadig fleire. Det fortel dagleg leiar for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, Pål Anders Kårstad.

– Vi opplever at det er god interesse på småbruk. Vi sel dei ofte til gode prisar når vi har småbruk til sals, og det tek ikkje lang tid å selje dei, seier han.

Fleire tusen utan fast busetjing

Men trass i at interesse kan vere stor når småbruk blir lagt for sal, er berre eit lågt tal bruk til sals på den opne marknaden.

Små gardar med god plass, og grønsakhage kan skape meir tilflytting til utkantane. På landsbasis står bortimot 31.000 gardsbruk med bustadhus utan fast busetjing. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

I Sogn og Fjordane er det over 10 000 landbrukseigedomar, men fylkets største eigedomsmeklar, med 60 prosent av totalmarknaden, selde berre 15 småbruk i fjor. Få gardar til sals gjer at få får sjansen til å oppleve småbruksdraumen.

Trur mange vil kjøpe

Elisabeth Veivåg Helseth og Colin Tattersall

LEVER DRAUMEN: Elisabeth Veivåg Helseth og Colin Tattersall er blant dei som har vore så heldige at dei har funne seg eit småbruk. Men det kravde fleire år med leiting.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I går fortalde NRK om Elisabeth Veivåg Helseth frå Stord og Colin Tattersall frå Storbritannia som har etter lang tid med leiting har busett seg på eit småbruk i Hyllestad i Sogn og Fjordane.

– Både for Hyllestad og fylket så er det veldig stort fokus på fråflytting, men ein bør jo heller fokusere på kjekt det er å bu her, og få det meir fram. Det er jo då folk vil komme, sa Veivåg Helseth.

Men fullt så enkelt er det kanskje ikkje for utkantane, dersom småbruka som skapar interesse ikkje vert lagde ut for sal.

Skulle gjerne sett fleire sal

Ifølgje SSB gjekk vel 100 gardar for fritt sal i Sogn og Fjordane i 2012. Det tyder på at dei vart selde til marknadspris, men berre ein liten del av desse igjen vart lagt ut for sal på den opne marknaden.

– Det kunne nok ha vore høgare. I eit land som Norge med god økonomi og gode inntekter så trur eg trenden i å kjøpe seg småbruk og eigedomar ikkje så langt frå dei store tettområda, berre vil auke på, seier eigedomsmeklaren.

Pål Anders Kårstad

SER EIN TREND: Eigedomsmeklar Pål Anders Kårstad seier dei i Sogn og Fjordane ser ein tydeleg i trend i at folk ønskjer å kjøpe småbruk.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Dei fleste landbrukseigedomane som skiftar eigar skjer innanfor tradisjonelle overtakingar, Tal frå SSB viser at dette gjeld over 300 eigedomar, men her kjem også utskiftingar inn.

Varierande snittpris

Snittprisen for eit småbruk på fritt sal i Sogn og Fjordane var vel 1,2 millionar kroner i 2012, berre i Nordland og Troms er prisen lågare. Snittprisen var høgast i Vestfold og Akershus og Oslo.

Pål Anders Kårstad trur velstandsutviklinga i olje-Norge gjer at fleire føler dei har råd til å velje ein annan livsstil.

–- Det å kunne roe ned og dyrke eigne grønsaker og gjere ting nede på det primære, det er nesten litt luksusgode, seier han.