– Ein ser jo det at identitet ligg veldig djupt i folk, og er noko av det viktigaste. Og det er noko som vi ser meir og meir av når det gjeld kommunesamanslåing, seier Rune Schanke Eikum, konsulent i Geelmuyden og Kiese.
- Les også:
- Les også:
Det er i dag 26 kommunar i Sogn og Fjordane og 429 på landsplan. Altfor mange, meiner regjeringa som ønskjer langt større og meir robuste kommunar.
Har ikkje gjort heimeleksa
Men det hjelp ikkje å argumentere med tal og fakta, så lenge innbyggarane ikkje er kjenslemessig klare for ei samanslåing, meiner Schanke Eikum.
- Les også:
- Les også:
– Noko av det første du blir spurt om, er kvar du kjem frå.
Schanke Eikum meiner kommunalminister Jan Tore Sanner ikkje har gjort heimeleksa si godt nok
- Les også:
- Les også:
– Jan Tore Sanner hadde jo eit utspel der han meinte at identitet ikkje høyrer til ein kommune, at administrative grenser berre er administrative grenser. Det reagert eg veldig på, for dersom ein har ei slik halding kjem det i alle fall til å bli vanskeleg å få gjennomført dette
Har gjort ein god jobb
Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre avviser kritikken.
– Eg føle at han har gjort ein god jobb, også i forhold til at ein held fast på frivilligheitslina som er viktig for å få dette godt i gjenge.
Også Jørgen Amdam, professor i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda, meiner mykje blir styrt av kjensler.
– Over tid så er det utvikla ganske sterk identitet til kommunane, både gjennom politiske prosessar og gjennom at folk kjenner kvarandre og kjenner administrasjonen.