Hopp til innhold

Kjenner seg tvinga til å innføre eigedomsskatt

Det går mot eigedomsskatt på hus og hytter i Bremanger. Ordførar Audun Røys (H) seier dei ikkje har noko val.

Bremanger kommune

EIGEDOMSSKATT: Om kommunestyret følgjer innstillinga frå formannskapet blir det frå neste år innført eigedomsskatt på hytter og hus i Bremanger kommune.

Foto: Nyhetsspiller

Vi har klart å unngå dette så langt, og kjenner oss ukomfortable med å gjere dette. Men vi kjenner oss nærast tvinga til å gjere dette skal vi få budsjettet til å gå opp, seier ordføraren til NRK.no.

Formannskapet i kommunen gjekk i går samrøystes inn for rådmannen sitt budsjettforslag. Dette inkluderer eigedomsskatt på hus og hytter.

– Vi er ein svært utfordrande økonomisk situasjon, seier ordføraren om bakgrunnen for endringa i eigedomsskatten.

Spente på utfall av rettssaker

Den vanskelege situasjonen skriv seg tilbake til Terra-saka forklarar ordføraren, og seier det dei strir med no er seinverknader av derivat-avtalar inngått rett før Terra-saka sprakk.

Kommunen har no fleire saker gåande i rettssystemet, og utfallet av desse får mykje å bety for kommunen økonomisk.

– Kjem vi gunstig ut av desse, kan vi slette heile det oppsamla underskotet vårt, og då vil ting sjå mykje lysare ut.

Håpar å unngå kutt

Enn så lenge må kommunen ta grep. Ordføraren seier det er svært krevjande å halde oppe forsvarleg drift, men at eigedomsskatten blir ei viktig inntektskjelde som gjer at dei kan unngå kutt i tenestene.

– Det blir ingen konkrete kutt, men innstramming over heile linja. Alle etatane må vise stor disiplin. Men det har dei greidd før, så eg har stor tru på at vi skal klare dette.

Det er kommunestyret som neste torsdag endeleg skal vedta budsjettet for 2016.