Hopp til innhold

Kjempar om ordførarklubba i Florø

FLORØ (NRK): Både Ola Teigen (Ap) og Bengt Solheim Olsen (H) er sugne på ordførartittelen i Flora.

Ola Teigen og Bengt Solheim Olsen

SUGNE: Dei to duellantane skulle overtyde elevane ved Flora vidaregåande skule om kven av dei to som er den beste ordførarkandidaten.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Vallogo

Før ein skuledebatt to veker før valet er ordførarduellantane på plass på Flora vidaregåande skule for å vinne elevane sin gunst.

– Eg er litt usikker, eg er førstegongsevelgar. Eg eg veit ikkje kven eg skal tru på. Eg har vore ganske einig med Høgre, og med Ap og samtidig med Miljøpartiet. Så det står mellom dei tre, seier elev ved Flora vidaregåande skule, Elise Helle Opperud.

Elise Helle Opperud

USIKKER: Elise Helle Opperud er usikker på kva ho skal røyste i kommunevalet. Ho vaklar mellom tre parti.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Møter engasjert ungdom

Foajeen ved skulen er full av elevar og engasjerte politikarar som står på tå og veivar med armane for å understreke politiske poeng. Her må dei svare for mange ulike saker som opptek elevane.

– Det vi kanskje får mest spørsmål om er sjødeponiet i Førdefjorden og eldreomsorg, seier ordførarutfordrar Ola Teigen frå Ap.

– Det verkar som dei fleste er mot sjødeponiet, så det verkar som ei god sak. Dei er opptekne av at sjøen skal vere rein. Så er dei opptekne av at dei eldre skal bli godt varetatt.

Har gode odds

Det er ikkje berre elevane ved Flora vidaregåande skule som skal overtydast om at Teigen er rette mann for ordførarvervet i Flora kommune, og Teigen er trygg på at politikken hans er den beste.

– Arbeidarpartiet har så langt vist konkrete forslag til korleis vi skal løyse utfordringane i Flora kommune, både når det gjeld utfordringane når det gjeld auka tal på eldre, korleis vi skal ta tak i svekka kommuneøkonomi og korleis vi skal utvikle byen og distrikta, seier Teigen.

– Eg er kjempesugen på å bli ordførar. Eg tenkjer ikkje på alternativ for tida, no tenkjer eg berre på å overta makta og gjennomføre den gode politikken vår.

Kor trygg er du på at det skjer?

– No såg eg på eit tippeselskap i går og då såg eg at eg er favoritt til å overta ordførarvervet blant dei selskapa. Så sjølvtilliten byrjar å stige, smiler Teigen.

Sugen på å fortsette

Men sittande ordførar Bengt Solheim Olsen frå Høgre har ikkje tenkt å gje frå seg ordførarstolen.

– Nei, eg er jo ekstremt sugen på å halde fram som ordførar! Eg trur folk ser at vi er på rett veg og har rett utvikling. Eg sa ved førre val at vi treng åtte år for å gjennomføre politikken vår. Vi er på god veg. Det er gravemaskiner over alt, heisekranar og vegsperringar, så det er klart eg vil gå på att, seier Solheim Olsen.

Han registrerer alle spørsmåla frå elevane om sjødeponiet i Førdefjorden. Men for høgremannen er ikkje motstanden til deira eit problem, trass i at partiet er positive til eit sjødeponi.

– Eg har aldri vore for eit fjorddeponi og eg har full forståing for engasjementet deira. Men det har ingenting med korleis Florø skal styrast dei kommande åra.

– Mitt fokus i saka er at dei miljøkrava som regjeringa har sett, vert følgde til punkt og prikke. Vi har ei viktig laksenæring i kommunen vi vil skal vekse og vil ha fleire lokalitetar, og då er det uaktuelt at fjorden ikkje er rein.

Ambisjonane er klare

Han er mest fornøgd med at kommunen har fått kontroll på kommuneøkonomien under hans regime etter å ha vore på Robek-lista. Han veit kva han skal ta fatt på dersom han får fire nye år i ordførarstolen.

– Den viktigaste kampen dei neste åra står om å utvikle næringslivet. Vi har ein dupp i oljenæringa, men ikkje mykje. Men då må vi bruke FramFlora som er næringsutviklingsselskapet vårt. Dei har kompetanse og folka for å skape arbeidsplassar, seier Solheim Olsen.

Ap treng støtte

For at Ola Teigen og Arbeidarpartiet skal komme til makta i kystbyen, treng han støtte.

– Vi er avhengige av andre parti og eg håpar at dei andre partia vil samarbeide fordi dei ser at vi har god politikk innanfor fleire område, blant anna miljøprofilen til kommunen.

– Kva er den viktigaste saka du vil ta tak i som ordførar?

– Skal vi levere gode og berekraftige tenester så må vi ha ein god kommuneøkonomi i botn. Det første vi vil gjere er å sette i gang tiltak som samlokalisere dei administrative tenestene i kommunen. Eit bygg kommunen alt eig. Der kan vi spare 8 millionar kroner som kan brukast innan skule, eldreomsorg og barnehage. Sånne smarte grep treng vi fleire av, seier Teigen.

For Elise Helle Opperud har dagen gått med til å samle informasjon om partia og kva dei står for. Dermed vaklar ho kanskje ikkje fullt så mykje lenger.

– Det blir Bengt. Eg trur eg har bestemt meg, seier ho.