Hopp til innhold

Fekk planke i hovudet - kjempar framleis for å bli trudd

Ann Kristin Takle Winterthun skulle berre synge for statsministeren då ein planke losna og skada ho. Sidan har ho måtte kjempe, både for å bli frisk, men også for å få dekt utgiftene ho har hatt.

Video Fekk planke i hovudet - kjempar for å bli trudd

SJÅ TV-SAKA: Det som skulle vere eit enkelt songoppdrag, har blitt eit mareritt for Ann Kristin Winterthun frå Florø.

Ann Kristin Takle Winterthun skulle berre synge for statsministeren. Då losna ein planke og skada ho og seinare har ho måtte kjempe, både for å bli frisk, men også for å få dekt utgiftene ho har hatt.

– Eg hadde gleda meg veldig. Eg skulle berre synge ein song og så gå heim att, fortel kvinna om hendinga som skjedde 30. august i fjor.

Samtidig som fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) ønskte statsministeren og dei andre gjestene velkommen skjedde det som ikkje skulle skje. Ein planke losna frå veggen på Kystmuseet i Florø og trefte songaren i hovudet.

– Plutseleg, som lyn frå klar himmel, kom det ein planke siglande og trefte meg i bakhovudet, seier Takle Winterthun.

Snart eit år seinare kjempar ho no om å få dekt utgiftene ho har hatt etter hendinga. Det har blitt ein tung og trasig kamp.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Plankefall på kystmuseet i Florø

Slik såg det ut då planken losna frå veggen på Kystmuseet.

– Det var pinleg og vondt

NRK møter Ann Kristin Takle Winterthun tilbake på Kystmuseet. Songaren skulle eigentleg gå etter framføringa, men då Kjelsnes begynte på talen sin fann ho ut at det var best å setje seg ned å vere stille.

Som ein tydeleg kan sjå av videoen under er det mange som kvepp litt til når planken med eit brak ramlar i hovudet på Takle Winterthun.

– Den trefte meg i bakhovudet på venstre sida, og litt nedover armen. Det seiast at eg har hatt flaks som ikkje fekk den meir midt i hovudet.

– Det var unekteleg litt pinleg og vondt. Eg tenkte at det var betre å le enn å grine, seier kvinna.

Problem med å få dekt utgifter

Ann Kristin Takle Winterthun

HOVUDPINE: Sidan uhellet som skjedde på seinsommar i fjor har Ann Kristin Takle Winterthun vore plaga med sterk hovudpine.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Dagen etter valkamparrangementet på Kystmuseet i Florø var kulturskulelæraren tilbake på jobb. Sjølv om mange meinte ho burde vere forsiktig, ville ikkje Takle Winterthun vere den som la seg ned for ingenting.

– Eg hadde ein stor kul i hovudet og hovudpine, men det gjekk greitt. Fram til februar, då var hovudpinen for sterk og energien for lav, seier ho.

Sidan har ho vore sjukmeldt og går kvar veke til behandling hos mellom anna fysioterapeut. Men samtidig som ho kjempar for å bli frisk og kvitt plagene må ho også kjempe for å få dekt utgiftene til behandling.

– Kystmuseet har vore eineståande i forhold til å dekke mine utgifter, men problema dukka opp etter at det var forsikringsselskapet til Kystmuseet som tok over utbetalingane, fortel Takle Winterthun.

Lovar fortgang

Museet er forsikra hos Kommunal Landspensjonskasse, KLP. Dei har førebels ikkje tatt ansvar for planken. No lovar KLP fortgang i saka.

Ole Jacob Firch som er kommunikasjonsdirektør i KLP vedgår at det har gått litt tregt i saka, men trur no at ting skal gå fort.

– Det er litt tidleg å seie kva som blir dekt, men at det ligg eit erstatningsansvar her synest relativt openbart, seier han til NRK.no.