Hopp til innhold

Høyrde rop om hjelp frå fjellet

Ein mann i 30-åra er berga ned frå ei fjellhylle 400 meter over fjorden ved Solvorn i Luster.

Redningsaksjon i Luster

HØGT: Det skal vere stupbratte fjell rett i fjorden i området, som er på baksida av neset, der turgåaren sat fast.

Foto: Ole-Henrik Walaker

Politiet fekk melding klokka 1315 laurdag. To timar seinare var mannen, som ikkje er heimehøyrande i området, berga ned av eit redningshelikopter.

– Det var så bratt der, at vi såg det som mest fornuftig å heise han ut. Han hadde ingen sjanse til å komme seg verken opp eller ned, seier Eirik Walle ved Hovudredningssentralen på Sola.

Mannen skal ha forklart at han gjekk tur i fjellet, då han gjekk seg skorfast. Han skal vere både fjell- og turvandt, men dei stupbratte fjella overfor Neset i Luster viste seg å bli vel utfordrande.

– Han var litt tørst, men uskadd og elles i fin form. Vi kjenner ikkje til kor lenge han hadde sete på fjellhylla, fortel Walle.

Operasjonsleiar Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt opplyser at det var folk som høyrde rop om hjelp frå fjellet som varsla. Ein Sea King vart sendt frå Florø for å ta oppdraget. Etter ein halvtime var mannen på veg mot tryggare grunn.