Hopp til innhold

Kjellfred Weum er død

Friidrettsprofilen Kjellfred Weum frå Marifjøra i Luster er død, 77 år gamal.

Kjellfred Weum på startstrek som i gamle dagar

I OL-ANTREKK: Kjellfred Weum i 2015 med startnummeret og landslagstrøya frå OL i 1968.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Weum var åtte gonger norsk meister på 110 meter hekk, han vart nordisk meister i 1963, og i OL i Mexico i 1968 kom han til semifinalen.

I 1967 fekk han Kongepokalen etter å ha sett ny norsk rekord på 13.7 under NM. Den hardaste norske konkurrenten hans var naustedølen Håkon Fimland.

I det sivile var Weum politimann. Han var lensmannsbetjent i Luster i mange år og lensmann i Sogndal. Han engasjerte seg også politisk i Senterpartiet og vart i 2003 vald til varaordførar i heimkommunen.

Ordførar Ivar Kvalen seier at folk i Luster i tillegg til idrettskarrieren vil hugse Kjellfred Weum som ein stødig og ryddig person som alle hadde stor respekt for.