Hopp til innhold

Kjedehotell vender tilbake til nynorsken

Etter overgangen til hotellkjeda Thon gjekk Skei Hotel over til bokmål på nettsider og menyar. No vil dei bli eit rein nynorskhotell att.

Thon Hotel Jølster vender tilbake til nynorsken
Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Hotellet vann målprisen i 2011, men nynorskprofilen fekk seg ein støkk etter kjedeskiftet frå Best Western til Thon Hotels i januar.

No har jobben med å vende tilbake til nynorsken starta.

– Alt gjestane kjem over av skrift her på hotellet skal vere på nynorsk, seier direktør Terje Kleveland ved Thon Hotel Jølster.

Nynorsk ikkje eit hinder

Leiinga i Thon Hotels skal denne veka diskutere korleis ein kan leggje til rette for at hotell som ønskjer det, kan få nynorske heimesider.

Kleveland seier at nynorsken er viktig for hotellet og trur ikkje at ein sterk nynorsk identitet er eit hinder i hotellbransjen.

– Alle nordmenn forstår nynorsk viss dei vil, så det ser eg ikkje på som noko problem. Det kan heller vere med på å styrke det nynorske språket, slik at ikkje det fell heilt vekk.

Meny på nynorsk

NYNORSKMENY: Arbeidet med å vende tilbake til nynorsken er i full gong. Her viser hotelldirektøren fram menyen som har igjen er på nynorsk.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

– Målform ikkje det viktigaste

Scandic Sunnfjord Hotel & Spa er eitt av fleire kjedehotell i fylket som nyttar seg av bokmål på heimesidene sine.

Direktør for hotellet, Odd Erik Gullaksen, forklarer dei ikkje sjølve rår over målforma på til dømes heimesida.

– Marknadsmateriellet blir laga sentralt og er på ganske mange forskjellige språk. Men det norske er på bokmål, seier han.

Han tykkjer det er viktig at hotellet viser tilhøyrsle til fylket og nærområdet. Men trur ikkje at målforma er det viktigaste for hotellgjestane.

– Vi er veldig opptekne av å vere eit hotell for lokalmarknaden i Førde, Sogn og Fjordane og på Vestlandet. Kanskje vil sidene våre ein dag vere på nynorsk, men det er ikkje noko vi har vurdert per i dag, seier han.

– Mest naturleg å bruke nynorsk

På Thon Hotel Jølster vert nynorsken derimot sett på som svært viktig. Direktør Terje Kleveland fortel at arbeidet med å få nynorsk på heimesidene nok vil ta litt tid, men håpar alt er klart i løpet av eit halvt år.

Audun Thorvaldsen var tysdag kursdeltakar på hotellet.

Han forstår kvifor hotell i nynorskområde kan bli freista til å bruke bokmål, men syns likevel at ein i Sogn og Fjordane burde ha nynorsk som hotellspråk.

– Det er forståeleg å vile bruke bokmål i marknadsføringa, men det er eit hotell som er godt planta i Sogn og Fjordane, og her er det mest naturleg å bruke nynorsk, seier han.