Av Oda Flåten
Kaupang speidargruppe er ei av dei største speidargruppene i Noreg, og er den gruppa som stiller med flest deltakar på landsleiren.
- Vi slo Noregs største speidargruppe, Madla-speidarane med tre speidarar, seier ein stolt speidarleiar Harald Fimreite.
Halve skulen i speidaren
Speidargruppa består av nesten 100 speidarar i aldersgruppa 10 til 18 år.
- Alle er gode vennar og vi kosar oss i lag, seier Kristina Nødset Kristoffersen (13). Ho fortel at dei er mellom 200 og 250 elevar på skulen og at nesten halvparten av dei går i speidaren.
Og på landsleiren Utopia har speidarane frå Kaupanger fått fleire nye vener.
, og på programmet står fleire kreative aktivitetar med fokus på miljøvern og venskap. For speidarane frå Kaupanger er likevel haiken, todagars turen utafor leiren utan leiarar, det kjekkaste.Fordobla medlemstalet
- Vi hadde det supert på haik, og no gler vi oss til dei siste dagane på leiren, fortel speidarane.
Kaupanger speidargruppe har fordobla medlemstalet sitt sidan 2005. Dei fokuserer på friluftsliv og er mykje på tur med overnatting på hytter, under ope himmel og i snøholer.
- Vi leiarane har det også gøy på tur og det smittar over på speidarane, fortel Harald Fimreite.
Landsleiren Utopia blir avslutta på laurdag.