Hopp til innhold

Kåte maur øydelegg sommaridyllen

- På gitt signal er det som om dei tar av på same tid. Så foregår parringa, men etter ein halvtimes svermeri i lufta er det over, då er det rett i bakken. 

Maur
Foto: Roar Hansen

Seniorforskar ved folkehelseinstituttet, Tone Birkemo har studert den flittige mauren på nært hald.

Ber om hjelp hos folkehelsa

Mange søkjer råd hos folkehelseinstituttet etter ubehagelege møter med flygemaur. Dei mottar no mange telefonar frå folk som er vorte innvadert av tusenvis med flygande maur. Ho kan fortelje at vi no er inne i parringsperioden til svarte jordmaur, og at mange derfor får eit ublidt møte med maur i svermeri.

I følge Birkemo er det heilt normalt med svarte maurskyer i denne perioden.

Døyr etter parringa

- På hausten kjem dronningane ut saman med hannane i store svermar. Dei parrar seg i lufta før dei etter akta går rett i bakken. Hannane døyr, medan hoene klypper av vingane, og kravlar i  store massar på bakken medan dei prøver å finne seg ein stad å bu.

Mauren trivst best rundt folk, og byggjer reir i jord og rote trevirke. Dei kan vere så mange som 10 000 i ett reir. Det er lite anna å gjere enn å halde vindauge og dører lukka, om ein ikkje ynskjer maurinnvasjon. Ein kan imidlertid trøyste seg med at mauren kun er aktiv i eit par døgn, så er det over.