Karl Seglem - Karl Seglem - Foto: Knut Falch / Scanpix

Karl Seglem

Foto: Knut Falch / Scanpix

- Eksplosivt og vart

Karl Seglem står for den viktigaste konserten på Vossa Jazz neste år.

Musikaren Karl Seglem , som er frå Årdalstangen, skal lage tingingsverk til Vossa Jazz 2012. Tingingsverket er den viktigaste konserten på festivalen, som igjen er ein av Noreg sine største festivalar i sin sjanger.

–Vi er veldig glade for at Seglem takka ja til dette. Han er ein fantastisk musikar og komponist, seier leiaren for Vossa Jazz, Trude Storheim.

"Som spor"

Seglem spelar både saksofon og bukkehorn, i tillegg til at han er komponist og plateprodusent. På festivalen, som er i slutten av mars, skal han urframføre verket "Som spor".

–Eg trur han leverer eit verk som er eksplosivt og vart på same tid, seier Storheim.

Ho trur det betyr mykje for Seglem si karriere å få lage tingingsverket.

–Å få lage det hengt høgt oppe i miljøet. Mange ser på det som ei ære.

Karl Seglem - Foto: Oddleiv Apneseth. /
Foto: Oddleiv Apneseth.

Fleire frå fylket

Fleire frå Sogn og Fjordane skal vere med på konserten der tingingsverket skal framførast.

Sigrid Moldestad skal spele hardingfele, og fotograf Oddleiv Apneseth skal bidra på den grafiske sida.

På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.
Olden i Nordfjord er ein liten cruise-destinasjon, men tek imot store skip. 
To av verdas største cruiseskip ankra opp i morgontimane i dag, og tusenvis av turistar strøyma i land....
Tysdag 22. mai låg to av verdas største cruiseskip i Olden.