Hopp til innhold

Kaos på vegane – mange vogntog i trøbbel

Fleire vogntog har onsdag hatt store problem på E39 mellom Førde sentrum og Langeland. Også fleire stader i Sogn og Fjordane skapar vêret vanskar på vegane.

Trafikkaos i Halbrendslia i Førde

LANGE KØAR: Dei mange vogntoga som onsdag ettermiddag og kveld har fått problem skapar lange køar på E39.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Kort tid etter at ein trailer som sperra E39 på same strekningen har fått på kjetting og kome seg av garde, meldte politiet om to nye vogntog som stod fast.

Ifølgje fleire tipsarar danna det seg svært lange køar, men at bilane sakte, men sikkert vert sleppt forbi. Like ovanfor avkøyrsla til Slåttebakkane heldt ein førar på å leggje kjettingar på vogntoget sitt, medan eit anna vogntog hadde køyrt i grøfta ved Reset, litt lenger oppe på same strekninga.

– Politiet er på staden og dirigerer trafikken. Det er store trafikale problem, seier operasjonsleiar for politiet, Inge Værøy, kring klokka 18.30.

To seinare seinare melde politiet at trafikken går som normalt i Halbrendslia.

Kø på E39 ved Årdal

VOGNTOG I GRØFTA: E39 ved Årdal i Jølster var ein periode heilt stengt på grunn av eit vogntog som fekk problem. Seinare vert det meldt at eitt køyrefelt er ope og at vogntoget står i grøfta.

Foto: NRK-tipsar

Men det er ikkje berre på E39 i Førde at det har vore problem. Klokka 19.50 melde Statens vegvesen at E39 ved Årdal i Jølster er stengt på grunn av eit vogntog som har køyrd i grøfta. Etter kort tid vart det opna for trafikk i eitt av køyrefelta.

Problem over heile fylket

Hos Vegtrafikksentralen i Lærdal har det vore mykje å gripe fatt i onsdag.

– Telefonane har gått jamt, fortel vakthavande operatør Ketil Molvær.

Dei største utfordringane har vore knytt til vogntog som har køyrt seg fast. Mest trøbbel har det vore i Halbrendslia, men også i Lundebotnen mellom Fjærland og Fjærlandstunnelen og på Utvikfjellet har det vore fleire problem.

– Folk er litt fortvila for at dei ikkje kjem seg fram, og nokon klagar på brøytinga. Men når det er problem over heile fylket, så trur eg det handlar meir om føret. Folk melder om veldig glatte vegar. Vi er litt forsiktige med å strø når det er snø i lufta, men vi gjer det om vi må, seier Molvær.

Han ber vogntogførarar om å ta på kjettingar for å vere på den sikre sida.

Vurderte kjettingpåbod

I dei lange køane frå Førde sentrum og oppover stod det mange store køyretøy. Værøy såg då ikkje vekk frå at det kunne bli meir problem på same strekke onsdag kveld.

Kø E39 halbrendslia

KØ: Glatt føre og mykje snø har skapt problem fleire stader, som her i Halbrendslia i Førde.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det torer eg ikkje spå, men ein kan ikkje sjå vekk frå at det kan bli fleire utfordringar.

Politiet vurderte ei stund å innføre påbod om at vogntog måtte ha kjettingar her, men det er førebels ikkje blitt noko av.

– Innsatsleiar på staden har meldt frå om behov for folk nede i Førde sentrum som kan sørge for at vogntog har kjettingar når dei skal oppover Halbrendslia. Men då treng vi assistanse frå Statens vegvesen og der har vi førebels ikkje fått tilbakemelding, sa Værøy klokka 19.10.