Hopp til innhold

Ronny fanga fossekallen på film - no kan han vinne tur til Svalbard

Ein tur til Svalbard har vore draumen lenge, seier Ronny Solheim frå Sandane. No kan videoen han tok av ein fossekall ved Storelva få han dit.

Naturfotograf fekk eit fascinerande nært møte med Norges nasjonalfugl, Fossekallen.

SJÅ VIDEO: Her er ein lenger video frå då Ronny Solheim fekk fossekallen på film. (Foto: Ronny Solheim)

– Dette er veldig spennande. Det er jo ti finalistar, så det blir spennande å sjå om eg klarar å slå ut alle dei, seier Ronny Solheim.

Trebarnsfaren frå Sandane sende inn videoen av fossekallen til «Ut i naturen» sin sjåarkonkurranse. No er han ein av finalistane til årets beste sjåarvideo 2013.

  • Her kan du sjå og stemme på videoen av fossekallen:

– Det er jo veldig mange gode bidrag, så det ver spennande å sjå korleis det går. Eg er veldig usikker på vinnarsjansane mine i konkurransen. Det eit par videoar der som er veldig morosame og har ein liten x-faktor. Min er vel kanskje litt vel teknisk, seier Solheim.

Kan få draumeturen

No håpar han på det beste og kanskje kan draumeturen endeleg kan realiserast.

Ronny Solheim, privat

FINALIST: Ronny Solheim frå Sandane er ein av finalistane til årets beste sjåarvideo i Ut i naturen.

Foto: privat

– Eg har drøymt om å reise til Svalbard i årevis, så dette er noko eg verkeleg har lyst til, fortel han.

Då vil sjølvsagt fotoutstyret vere med i bagasjen til naturfotografen.

– Det hadde passa heilt supert om eg hadde fått reist til Svalbard og fotografert litt i den flotte naturen, seier han.

Venta i tre dagar

Filmen av fossekallen vart til ved Storelva i Gloppen i nyttårshelga i fjor.

– Då sat eg der i tre dagar og filma. Då hadde eg eitt lite actionkamera til å ha under vatn. Eg hadde ein ide om at det måtte vere mogleg å filme han over og under vatn samtidig, fortel Solheim.

Sjølv om dagane er korte i desember sat han altså ute å venta så lenge det framleis var lyst. Og etter å ha testa og prøvd i tre dagar fekk han blinkskotet.

– Eg fann ei lite vik i elva med ein iskant rundt og tenkte at dette må vere ein fin plass for fossekallen å komme og leite etter mat, fortel naturfotografen.

Han sat seg ned og venta med kameraet klart. Plutseleg kom fossekallen på akkurat den plassen Solheim hadde plassert kamera.

– Han heldt på rett framfor kamera, så det var veldig moro, så han er ikkje akkurat sky denne fuglen, ler Solheim.

Litt flaks

Solheim fortel at fossekallen er ganske territorial om vinteren, slik at han har nokon hundre meter med elvestrekning som han passar på.

– Så snart det kjem ein fossekall fykande opp gjennom elva litt for langt, så hiv dei seg etter kvarandre og jagar kvarandre på plass att. Så eg visste sånn ca. kvar denne fossekallen heldt til, men at han skulle komme ned akkurat der eg var, var meir flaks kan du sei, ler han.

Fram til midnatt onsdag 27. november kan ein stemme på Ronny Solheim sin video. Vinnaren vert kåra på UT.no og i «En naturlig helaften» på NRK1 søndag 22. desember i år.