Hopp til innhold

Fylkeskommunen kan tape millionar om kraftkommunar sler seg saman

I dag tener fylkeskommunen 75 millionar kroner i året på såkalla overskotskraft frå kraftkommunar med få innbyggarar. Men blir kommunane større kan store verdiar bli verande igjen i lokalsamfunna fordi innbyggartalet blir høgare.

Ivar Kvalen

BLIR MINDRE: Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, er viss på at kommunesamanslåing betyr mindre pengar til fylkeskommunen.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Ordførar i Luster Ivar Kvalen trur fylkeskommunen vil tape stort på kommunesamanslåing.

– I ein storkommune med Leikanger og Sogndal, vil vi kunne ta ut alt, men det betyr at vi tappar fylkeskommunen for 40–50 millionar kroner årleg, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen.

Fylkeskommunen kan tape stort på at kraftkommunar blir slått saman med andre.

Årleg hentar fylket 75 millionar kroner frå 5 av kommunane. Dette skjer fordi innbyggartalet er så lågt at dei må gi frå seg konsesjonskraft.

Stadfestar at inntektene kan gå noko ned

Men skulle til dømes Luster slå seg saman med Sogndal og Leikanger, vil kommunen bli så stor at fleire titals millionar kroner blir verande att i den nye kommunen.

Fylkesrådmann Tore Eriksen seier det vil bety tapte inntekter.

– I 2013 hadde vi ei samla konsesjonskraftinntekt på 73,5 millionar kroner, så slik sett kan volumet og inntektene våre gå noko ned, seier Eriksen.

Det er kraftproduksjon i Aurland, Luster, Vik, Bremanger og Lærdal som årleg gir fylkeskommunen store inntekter.

Kan ikkje rekne med det for alltid

Denne veka la regjeringa sitt ekspertutval fram si tilråding om storkommunar på minst 20.000 innbyggarar.

Ordførar i Aurland Noralv Distad frå Høgre trur tap av konsesjonskraft vil svi for fylkeskommunen.

Noralv Distad

TRUR DET VIL MERKAST: Aurland-ordførar Noralv Distad trur fylkeskommunen vil merke tapet av konsesjonskraft.

Foto: pressefoto

– Det betyr mykje for det fylkeskommunen har evne til å gjennomføre. Samtidig er desse pengane i utgangspunktet til kommunane, og det er berre så lenge kommunane ikkje kan ha så høgt kraftforbruk at desse midlane mellombels vert overførte til fylkeskommunen. Så det er ikkje noko som fylkeskommunen kan rekne med å ha rett på i all æve, seier Distad.